Eit område på Vigra flyplass blei evakuert måndag, etter at personale ved flyplassen slo alarm.
Politiet fekk melding om funn av granat i eit bagasjekolli litt før klokka to i dag. Operasjonsleiar i politiet, Jens Dahl, fortel til Sunnmørsposten at området blei gjennomsøkt og kontakt med bagasjeeigar blei oppretta.
Saka held fram etter annonsen
– Det viste seg å vere ein øvingsgranat, sa Dahl til avisa klokka 14:11.
Ifølgje Avinor-appen har Oslo-flyet med avgang 14:15 blitt forsinka på grunn av hendinga. I skrivande stund har passasjerane no fått kome om bord.
Politiet skriv på X klokka 14:47 at eigaren av bagasjen var ein HV-soldat og at politiet opprettar sak på forholdet.