ØyBlikk
2 minutter lesetid

Falske setlar i omløp

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Politiet i Ålesund har gjort beslag i ni 200-lappar og to 500-lappar som var falske. No åtvarar dei om at fleire falske setlar kan vere i sirkulasjon.

– Dei falske kontantane politiet beslagla blir oppfatta som ekte ved første augekast. Dei har vassmerke, ulikt serienummer og ser nokså profesjonelt laga ut, uttalar politiadvokat Hanne Egeness i ei pressemelding og held fram:

Saka held fram etter annonsen

– Vi oppmodar bedrifter som tek imot betaling om å vere merksame ved mottak av kontantar, spesielt sidan vi er i ein høgsesong for kjøp og sal av varer.

Vidare ber politiet butikkar som ikkje har matingssystem for kontantar om å vere spesielt merksame.

– Det mest merkbare teiknet på dei falske setlane er gjennomslaget. Det er til dømes mogleg å sjå element frå andre sida av setelen enklare enn med normale setlar. Teksturen på setlane er også noko ulik normale setlar. Vi ber derfor alle om å inspisere setlar før ein tek dei imot, avsluttar Egeness.

Slik ser dei falske setlane ut:

(Foto: Møre og Romsdal politidistrikt)

Obs: I ettertid har det vist seg at desse setlane ikkje var falske likevel.