ØyBlikk
1 minutt lesetid

Er du stolt av jobben og arbeidsplassen din? Då vil vi høyre frå deg!

ØyBlikk har planar om å starte opp ei ny spalte: «Min jobb». Her vil vi gjerne bli kjent med dei flotte arbeidstakarane i kommunen vår!

Vi vil besøke arbeidstakarar i butikkar, næringslivet, skular, barnehagar, flyplassen, naudetatar, landbruket, omsorgssentera, rådhuset – ja, kort sagt kor som helst i kommunen, ute eller inne.

Saka held fram etter annonsen

Målet med spalta er å skape blest og interesse rundt det allsidige arbeidslivet og næringslivet som finst i Giske, og få alle dei viktige yrka og arbeidsplassane fram i lyset. Med dette håpar vi også å skape inspirasjon for dei unge i kommunen som etter kvart skal ta sitt utdanningsval.

Vil du at ØyBlikk skal besøke DIN arbeidsplass? Eller veit du kanskje om ein arbeidstakar som bør få besøk av ØyBlikk? Tips oss, så kjem vi gjerne på besøk!

Hei!

Takk for at du las heile saka. Send meg gjerne tips dersom du har saker du tenker eg burde sjå nærare på.

Andreas
Andreas Hesselberg
Ansvarleg redaktør