Når ØyBlikk først gjer store endringar med uttrykk og design, både på papir og på nett, er det viktig å ta vare på det mest samlande av alt: Logoen. – Veldig kjekt, seier kunstnaren.
Logoen til ØyBlikk har historie heilt tilbake til oppstarten i 1985.
– I prosessen med å forbetre eit produkt, er det viktig å ta vare på sjølve identiteten. Logoen verkar samlande for innbyggarane i heile kommunen, med dei fire øyane, fiskebåten og fuglane. Det er eit faktum som heile staben i ØyBlikk er einige om at vi ikkje har lyst til å sjå bort ifrå, seier redaktør Andreas Hesselberg.
– Som logo i den forstand, vil sikkert nokon seie at han ikkje oppfyller moderne definisjonar av kva ein logo er eller «skal vere». Av tekniske årsaker er han også ei lita nøtt å jobbe med i nokre samanhengar. Til gjengjeld har han mykje sjel og er ganske unik. Eg trur du skal leite lenge for å finne ei avis som har noko liknande, eg kjem i alle fall ikkje på nokon, legg redaksjonsmedarbeidar Kristoffer Oftedal til.
Maritimt og nøytralt
Odd Egil Valderhaug, som i 1985 starta avisa og har vore redaktør i fleire periodar, er særs glad for at logoen blir bevart.
– Det set eg stor pris på! Logoen har vore gjennom nokre forandringar tidlegare, som eg ikkje synest var så bra. Eg trur denne logoen er den beste for å ta vare på identiteten til alle innbyggarar i Giske, seier han til ØyBlikk.
Då han midt på 80-talet var i gang med å planlegge avisa, tok han kontakt med den lokale kunstnaren Bjarte Ytterland.
– Eg kjende litt til han frå før, så eg spurde om han vil lage ein logo til den nye lokalavisa, og det ville han gjerne! Forslaget han kom med, var veldig bra, fortel Valderhaug.
– Kva føringar la du for logoen?
– Eg hugsar ikkje heilt detaljane, men det skulle vere eit maritimt tema. Eg la nok ikkje så mange andre føringar enn akkurat det, men det var viktig at logoen skulle vere noko nøytralt som innbyggarane i heile kommunen kunne kjenne seg igjen i, svarer han og legg til at han ikkje blei så veldig begeistra då ein annan redaktør på eit seinare tidspunkt endra logoen til Alnes fyr.
– Då blei ikkje logoen så samlande lenger, seier han.
Oppdrag frå Se og Hør og ØyBlikk
Bjarte Ytterland, som er frå Valderøya og framleis har heile familien sin i Giske, hugsar godt at han fekk oppdraget frå Valderhaug.
– Eg dreiv eit reklamebyrå den gongen, der eg leverte illustrasjonar som grafisk designar og illustratør. Dessutan hadde eg ein eigen teikneserie i Se og Hør, minnest Ytterland og held fram:
– Då Odd Egil tok kontakt, var det ikkje vanskeleg å seie ja. Eg tok det meste av oppdrag på den tida, og eg tenkte fort at eg ville fange øyane, skjergarden og fiskebåtane i logoen.
– Fekk du godt betalt?
– Det var nok ganske beskjedent på fakturaen, ler Ytterland.
– Litt nostalgisk
I ettertid har Bjarte Ytterland hatt tilhald i Ålesund, og han blei biletkunstnar på heiltid i 1994. Han har mellom anna spesialisert seg på maritime motiv, som inneber fiskeri, hamnemotiv, klassiske båtar og skip, fyrtårn og sjølandskap frå kysten langs Vest-Norge. Etter kvart blei han òg fascinert av livet under overflata; han har dykka mykje langs norskekysten, Rødehavet, Middelhavet, Stillehavet og i Asia. Fargane frå korallreva har resultert i ei vending i kunsten hans, nemleg samtidskunst i sterke fargar.
– Kva tenker du om at logoen din har overlevd i ØyBlikk i så mange år?
– Det er veldig kjekt, og ein blir jo litt nostalgisk når ein ser ting som er gjort på 80-talet. Dessutan kan jo folk bli litt forvirra om ein skiftar logo i tide og utide, svarer han og utdjupar:
– Store konsern brukar mange millionar kroner på å skifte logo. Det finst mange gode logoar som har vart i over hundre år, så kvifor ikkje halde på dei?
No er Bjarte Ytterland pensjonist, men framleis går det mykje i maritime tema.
– Eg målar framleis og sel litt bilete på nett. Så kan det jo hende at eg snart dukkar opp med ei utstilling eller eit galleri igjen, avslører han.