Dritlei dårlege vegar i Giske? No kan du få seie di meining
Ein tur frå Valkvæ til Juv på Godøya kjennest meir som eit treningsprogram for kjernemuskulaturen enn som transport. Fleire fylkesvegar i kommunen treng vedlikehald, og no har du høve til å gi kraftig beskjed!
Køyring på nokre av fylkesvegane i Giske er mest som å hoppe paradis på fire hjul. Eller som å ta med bilen på trampolinetrening; etter nokre kilometer blir du meir svimmel enn ungane dine på ein trampolinepark.
Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) har invitert folk til å nominere sin kandidat til Norges dårlegaste fylkesveg; vegar som kan sjå ut som dei er er pløgde med same harva som bøndene bruker på åkeren.
– Eit tydeleg folkeopprop
Fristen for å nominere den dårlegaste fylkesvegen er allereie komande fredag, 29. august. 1500 nordmenn har allereie sendt inn sine nominasjonar.
– Dette er eit kraftig varsko. Når så mange tar seg tid til å melde inn sin veg, viser det kor frustrerande situasjonen på fylkesvegane i landet er for folk flest. Denne kåringa er eit tydeleg folkeopprop til politikarane, uttalar juryformann Torill Eidsheim, som også er leiar for samfunnskontakt og mobilitet i OFV.
Vedlikehaldsetterslepet på norske fylkesvegar nærmar seg 100 milliardar kroner, ifølgje OFV. Nominasjon skjer på Norgesveier.no


