ØyBlikk
3 minutter lesetid

Digital vekst for ØyBlikk

ØyBlikk aukar digitalopplaget med 31 prosent frå første halvår 2024 til første halvår 2025, men går ned på komplettopplaget.

Samstundes som digitalopplaget for ØyBlikk aukar, går komplettopplaget (papiravis med digitaltilgang) ned 6,5 prosent i same periode, viser opplagstala som Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram tysdag.

Saka held fram etter annonsen

Første halvår i år hadde ØyBlikk eit netto totalopplag på 1266, ein oppgang på 1,6 prosent sidan første halvår 2024.

Samanliknar vi med andre halvår i fjor, der totalopplaget var oppe i 1290, har ØyBlikk ein nedgang på 1,9 prosent til utgangen av første halvår i år.

Nasjonal tendens

Den klare tendensen på landsbasis er at mange av lokalavisene har vekst i det digitale opplaget, nedgang i kombinasjonen papir og digital (komplett) samstundes som at totalopplaget er relativt stabilt med ein liten vekst på 0,7 prosent.

– I ei tid der ytringsfridomen og media sitt arbeid er under sterkt press i mange land, skal vi vere glade for at folk i Norge vil betale for redaktørstyrt og uavhengig journalistikk. Det er lokalavisene som gjer jobben med denne journalistikken i folk sine nærmiljø, uttalar LLAs generalsekretær Tomas Bruvik i ei pressemelding.

– I lys av at mange aviser slit med annonseinntektene, er det svært oppmuntrande at lesarane bidrar så sterkt til å finansiere journalistikken, legg han til.

Aviser i Tvisyn-konsernetFørste halvår 2025Første halvår 2024EndringProsentvis endring
ØyBlikk12661246201,6 %
Vestnesavisa1161115290,8 %
Midsundingen10011014-13-1,3 %
Hustadvikingen1249104320619,8 %
Malviknytt106395410911,5 %
Østhavet98583814717,5 %
Aukranytt741 (ny)