ØyBlikk har utvida spalta «Det skjer» til å dekke fleire arrangement i Giske. No får du også oversikta i nettavisa vår.
I lang tid har ØyBlikk hatt ein fast «Det skjer»-spalte på side 2 i papiravisa. Denne har vore avgrensa til faste, gratis arrangement i frivillige lag, foreiningar og organisasjonar, men no vil spalta dekke langt fleire arrangement i kommunen vår. Spalta vil framleis vise faste, vekentlege arrangement, men også enkeltarrangement som er knytte til ein spesifikk dato – til dømes konsertar, føredrag og anna. Dette kan du sjå ved å trykke på «Det skjer» på menyen øvst i nettavisa.
– Kulturlivet i Giske er både omfattande og viktig, så det er på sin plass at folk får meir oversikt over kva som skjer. No oppmodar vi alle arrangørar om å tipse oss om arrangement framover, seier ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg.
Arrangørarar må sjølv varsle ØyBlikk om nye arrangement og eventuelle endringar av faste arrangement innan utløpet av måndag kvar veke. Skal ein ha med utvida informasjon om arrangementet, som til dømes klokkeslett, viser vi til kunngjeringsplass (annonse@oyblikk.no, 47 69 40 66).