ØyBlikk
1 minutt lesetid

Nææh, det skal snø, gitt!

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Som det ofte skjer på denne tida av året, skal det snø i fjellet i Sør-Norge. Meteorologisk institutt har utstedt farevarsel for snø frå onsdag morgon til utpå dagen torsdag.

Det er venta snøbyer i fjellområda over 800 til 1000 moh. frå onsdag morgon til torsdag ettermiddag.

Saka held fram etter annonsen

– Lokalt kan det kome 25-60 cm snø i løpet av denne perioden. Det er òg venta kraftig vind og snøfokk, skriv Meteorologisk institutt i varselet.

(Nei, ØyBlikk kjem sjølvsagt ikkje til å omtale alle farevarsel utover hausten og vinteren. Men som kjent kjem snøen som julekvelden på kjerringa kvar einaste tidleghaust…)