ØyBlikk
5 minutter lesetid

Desse sakene var mest lesne i 2023

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

2. februar 2023 lanserte ØyBlikk ny nettavis. Sjå kva saker som blei mest lesne i nettavisa gjennom fjoråret.

Det var fint å kome i gang som ei moderne nettavis i februar i fjor – veldig seint, men godt! Vi er glade for at mange har valt å kjøpe digital- eller komplettabonnement gjennom 2023. Like glade er vi sjølvsagt for kvar einaste person som fornyar abonnementet sitt. ØyBlikk vil sjølvsagt halde fram med å levere eit kvalitetsprodukt i 2024!

Saka held fram etter annonsen
Statistikken for fjoråret viser at 81,7 prosent av brukarane av nettavisa brukte mobiltelefon.
Apple sitt operativsystem iOS er desidert mest brukt til å lese ØyBlikk.

Her er topp 25 lesne saker i 2023:

  1. Ber føresette vere merksame: Ungdom i Giske blir forsynt med narkotika via Snapchat
  2. Alvorleg melding frå politiet: – Det er fare for liv og helse
  3. Leiteaksjon avblåsen: Mann i 80-åra funnen i live
  4. Kvinne falt om med hjernebløding: Berre Emilie frå Valderøya brydde seg
  5. Næringsnytt i kortform
  6. Fekk båra gjennom vindauget
  7. Store planar for Ytterland
  8. – Det finst håp, sjølv om ein har tøff bagasje
  9. Aldri aleine
  10. Oddmund (97): – Svære greier med eit fritt land
  11. Brann på Vigra sløkt
  12. Opnar butikk i Skaret
  13. Ikkje lenger mogleg å lure seg unna betaling (aprilspøk)
  14. Valresultatet i Giske
  15. Renoverte 1878-hus: – Vi ville ta vare på sjela
  16. Pålegg og tvangsmulkt: Her må eigarane rydde opp
  17. Frå skitlukt til kaffilukt: – Veldig omfattande, men givande!
  18. Reagerer på vaffelprisen på Alnes
  19. Løe har rasa saman
  20. Tilsett i ØyBlikk
  21. Valderøying til Varda Care
  22. Barnedemens: Trur på openheit
  23. Fann narkotika i barnehagen
  24. Redde for å la ungar gå fritt: Fryktar dødsulykke
  25. Politiet ber om tips