I ei pressemelding fredag går Møre og Romsdal politidistrikt ut og åtvarar mot å dele ein valdsvideo som har spreidd seg.
Det var etter ei valdshending på Skodje den 11. mars at politiet blei gjort merksame på at videoar som blei tatt av hendinga har blitt delt vidare i sosiale medium.
Politiet oppmodar no publikum om å ikkje dele videoen vidare av omsyn til respekt for den fornærma i saka.
– Det er straffbart å urettmessig dele bilete, film eller lydopptak av nokon som til dømes blir utsett for vald eller er i ein svært sårbar eller utsett situasjon. Slike videoar er ikkje underhaldning, uttalar politistasjonssjef ved Nordre Sunnmøre politistasjon, Renate Grande, i pressemeldinga.
Folk blir bedne om å ikkje dele videoen vidare, men slette han. Politiet oppmodar også om at ein gir beskjed til den som har delt videoen om at det ikkje er lov til å dele slikt materiale.