Ber om tips frå publikum
I løpet av dei siste 48 timane er det stole fleire bilar frå ein verkstad i Ålesund. Politiet ber no om tips om tre av bilane.
Politiet ønsker tips om desse bilane, som ikkje har kome til rette:
- Audi Q7, 2011-modell, svart, registreringsnummer BS74465.
- Mercedes GLA, 2014-modell, hvit, registreringsnummer UF 65891.
- Ein svart Mercedes-Benz C250 med registreringsnummer UF 65896.
Eigarane har gitt samtykke til å dele desse opplysningane, opplyste operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Eivind Klokkersund, i politiloggen natt til fredag.
Saka held fram etter annonsen
Politiet har oppretta sak på forholda og iverksett tekniske og taktiske undersøkingar.



