Politiet blei tilkalla for å leite etter tre ungar på Valderøya tysdag ettermiddag. Ifølgje operasjonssentralen er situasjonen no avklart.
Fleire politibilar skal ha vore sett i området rundt Valderøy barneskule før dei tre ungane blei funne.
Saka held fram etter annonsen
– Det var heldigvis ingen dramatikk i dette, og barna kom raskt til rette, fortel Sindre Molnes hos operasjonssentralen til ØyBlikk.
ØyBlikk erfarer at dei tre ungane skal ha stukke av frå SFO.