ØyBlikk
2 minutter lesetid

Auke i pressestøtta til ØyBlikk

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

ØyBlikk har, som fleire av dei minste lokalavisene i Norge, fått ein auke i produksjonstilskotet på 25,5 prosent for 2023.

Medietilsynet offentleggjorde dei endelege tala for pressestøtta for 2023 i går, tysdag.

ØyBlikk går under kategorien «Nummeréin- og aleinemedium». Nummeréin-medium betyr nyheits- og aktualitetsmedium som har det største opplaget på utgivarstaden. Aleinemedium betyr nyheits- og aktualitetsmedium som er aleine på utgivarstaden.

Saka held fram etter annonsen

– Kraftig løft

Det er ei endring i forskrifta som gir grunnlaget for ein auke i støtta frå i fjor til i år:

– Mange av lokalavisene med opplag under 2000 får eit kraftig løft i produksjonstilskotet. Det er eit resultat av styringssignala dei siste regjeringane har gitt om å prioritere opp støtta til lokalavisene, skriv Landslaget for lokalaviser i ei pressemelding.

For å få produksjonstilskot må avisene oppfylle ei rekke krav. Mellom anna er det eit krav om løpande journalistikk, produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt/ytringar til allmenta, og ein må kunne dokumentere å ha publisert minst 480 eigenproduserte saker med minst fem saker i 48 av årets veker. Det er òg krav om eit minimum tal på abonnentar.

Det er til saman 156 aviser i Norge som får produksjonstilskot i år. Vestnesavisa, Midsundingen og Avisa Lofoten, som inngår i Tvisyn-konsernet saman med ØyBlikk, får også ein auke i tilskotet.