I samband med at Giske kommune søker Statsforvaltaren om typisk turiststad for Godøya og Alnes, vil eit Ålesundsbasert eigedomsselskap bidra til å gjere øya til ein enda større turistmagnet.
Dette var årets aprilspøk frå ØyBlikk. 🙂
Selskapet vil bygge gondol til Godøyfjellet, etter modell frå Romsdalsgondolen i Åndalsnes.
– Tanken er at alle, enten ein er god til beins eller ikkje, kan kome seg opp på fjellet for å nyte naturen og eit godt måltid, seier ein eigedomsforvaltar i selskapet til ØyBlikk og understrekar at ein restaurant på fjellet også blir ein del av satsinga.
Selskapet vil ikkje stå fram med namn før ulike avklaringar er gjort med Giske kommune og Statsforvaltaren.
– Mellom anna er vi avhengige av at Godøya og Alnes blir typisk turiststad, slik at det vil vere enklare å halde søndagsopen restaurant, opplyser dei.
Miljøbonus
Selskapet meiner også at satsinga vil gi ein miljømessig bonus:
– Med ein gondol reduserer vi mykje av vandringa opp til fjellet, og då unngår ein også steinlegging av heile Godøyfjellet. Dette blir eit berekraftstiltak som vil bidra til å oppfylle FN sitt berekraftsmål om redusert slitasje av naturen, seier eigedomsforvaltaren.
– Kva omsyn vil dokker ta til lokalbefolkninga?
– Gondolen kjem til å ha ei rute sørvest for husstandane, og støyforholda vil ikkje bli verre enn dei er for folk som bur i nærleiken av lufthamna på Vigra, svarer han og legg til:
– Støymålingar og berekningar vil sjølvsagt bli utført i høve forskrifta.
Eigedomsselskapet vil no gå i nær dialog med selskapet bak Romsdalsgondolen, Romsdalen AS, for å hente inspirasjon og idear. Målet er å sende søknad til kommunen og sende ut nabovarsel så snart Statsforvaltaren har handsama søknaden om typisk turiststad.
Dette var årets aprilspøk frå ØyBlikk. 🙂