ØyBlikk skal presentere fangstdata

Framover vil vi presentere fangstdata for alle fiskefartøy heimehøyrande i Giske.
I 2024 var Giske landets fjerde største fiskerikommune, med 1,46 milliardar kroner i fangstverdi og 63 489 tonn rundvekt, berre slått av Austevoll (3,24 milliardar), Ålesund (2,47 milliardar) og Herøy (2 milliardar). Det viser tal frå Fiskeridirektoratet.
Mange av fartøya frå Giske landar fangsten sin utanfor kommunen, medan nokre har landing i Giske. Framover vil ØyBlikk presentere fangstdata for fiskefartøya som er heimehøyrande i Giske, uavhengig av landingsstad. Forhåpentleg vil dette gi nyttig informasjon til dei som likar å følgje med på slikt!
Per 18. mars 2025 har fiskefartøy, uavhengig av nasjonalitet og heimehamn, landa om lag 82,7 tonn fisk og skaldyr på mottak i Giske. Det største mottaket i vår kommune er Norcoast AS på Godøya, med ei landing på 80,5 tonn hittil i år.
I skrivande stund er desse fartøya heimehøyrande i Giske:
- Veidar
- Valderøy
- Sverre
- Fisk
- Gøying
- Giske
- Govik
- Bautar
- Loran
- Godøygutt
- Sollen
- Tråle
- Havstein
- Snøgg
- Nordbas
- Real 1
- Bris
- Silva
- Cator 1
- Ingrid
- Terneskjer
- Storholmen
- Rapp
- Alin
- Arthur
- Tea
- Synes
- Atlantic Viking
- Molnes
- Buldrian
- Nesbakk
- Sjøgutt
- Gunn II
- Nordstar
- Forsøk
- Elise
- Topas
- Atlantic Star
- Samhald
- Nordørn
- Småen
- Amanda
- Giskesund
- K. Nyvoll
- Vollerosa
Kjelde: Surofi