Kan bli endringar: Vil ha luksushotell og gangbru

Den internasjonale hotellkjeda Lume Hotels har fått auga opp for den spektakulære naturen i kommunen vår. No blir det mellom anna planlagt eit eksklusivt rorbu-hotell med undervassrestaurant og spa på Giske.
Dette var årets aprilspøk frå ØyBlikk-redaksjonen.
Prosjektet, som har fått arbeidstittelen «Nordisk Perle», skal kombinere moderne komfort med tradisjonell kystkultur, kjem det fram av eit dokument ØyBlikk har fått tilgang til. Nausta på bildet, som ligg ved Gjerdehamna på Giske, skal bli ombygde med luksuriøse fasilitetar, inkludert store panoramavindauge, private badestampar, direkte tilgang til sjøen og ei eksklusiv gjestebrygge. Reguleringsplanen for området, vedtatt i 2012, legg til rette for ei slik utvikling.
– Vi ønsker å tilby ei unik oppleving der gjestene kan bu tett på naturen utan å gi avkall på luksus, seier Lume Hotels sin Norden-representant Kari Vågset Jansson til ØyBlikk.
Undervassrestaurant og spa med havutsikt
Eitt av dei store trekkplastera for luksusprosjektet blir ein spektakulær undervassrestaurant, der gjestane kan nyte kortreist sjømat medan dei ser ut på livet under havflata. Dessutan vil ei eiga spa-avdeling by på oppvarma sjøbasseng og behandlingar inspirert av gamle nordiske tradisjonar.
Lume Hotels har vore i kontakt med dei som eig dei eksisterande nausta og ønsker opning av det rorbu-baserte luksushotellet allereie neste sommar.
Flytande gangbru
Kari Vågset Jansson legg til at søsterselskapet TransBridge har planar om å bygge ei flytande gang- og sykkelbru mellom Giske og Ålesund. Ei slik 5,2 kilometer lang bru skal gjere det mogleg å krysse fjorden utan å bruke tunnelane eller hurtigbåtane.
– Vi ønsker å etablere ein liten kafé midt på brua, slik at turgåarar og syklistar kan nyte litt mat og drikke medan ein nyt utsikta over fjorden, seier ho.
Ein lokal syklist på Giske, som ikkje vil ha bildet sitt i avisa, er overraska og begeistra:
– Eg trudde aldri eg skulle oppleve noko slikt. No blir det lettare å pendle, og vi får trim samtidig!
Saka skal truleg opp i kommunestyret før sommaren.
Dette var årets aprilspøk frå ØyBlikk-redaksjonen.