Kva? Siste leiar? Skal redaktør og redaksjon i ØyBlikk slutte å meine noko? Nei då, absolutt ikkje.
(LEIAR 14. DESEMBER 2023): Som mange andre lokalaviser i Norge har valt å gjere, går vi frå neste avis bort ifrå å publisere usignerte leiarar. Vi går òg bort ifrå leiar som omgrep i det heile, og kjem heller til å skrive signerte kommentarar.
Kvifor? Jo, fordi det ikkje er enkelt å vere ærleg om kva ein meiner på vegner av ei heil avis og ein heil redaksjon. Om ein skriv ein usignert leiar, skriv ein på vegner av heile redaksjonen. Det er ei utfordring når ØyBlikk skal vere ei bedrift med rom og toleranse for ulike meiningar. Det er ikkje alle tilsette som nødvendigvis kjenner seg igjen i det som blir skrive i ein leiar, så kvifor skal ein late som at alle i avisa har same haldningar og meiningar?
Eit anna moment er at når ein skriv ein usignert leiar, kan innhaldet bli ganske utydeleg og ullent, fordi ein ikkje kan skrive i eg-form. Ein kommentar blir derimot signert med namn, og då kan ein bruke eg-forma i staden for vi-form, noko som gjer at kommentarane blir meir personleg relevante, gjer at ein kan bruke personlege referansar og historier, men òg fordi det drep alle moglege inntrykk av at avisa står for eit spesielt syn. Det ein skriv i ein kommentar, representerer berre synet til den som signerer kommentaren.
Leiaren i dag- eller vekepressa stammar frå langt tilbake i tid, då det var vanleg at store aviser fremja eit spesifikt politisk syn og gjerne støtta eit politisk parti eller retning openlyst. Både leiaren og journalistikken kunne vere sterkt (mis-)farga av dette. Desse tidene er stort sett over no. Det finst ikkje så mange aviser igjen i Norge som utan blygsel flaggar eit konkret politisk syn. Og det er sjølvsagt av det gode.
ØyBlikk vil vere eit medium som ikkje legg føringar for kva redaksjonelt tilsette eller avisa som heilheit skal meine. Derfor blir det frå neste avis slik at både redaktør og andre tilsette skal bruke kommentarplass til å ytre sine meiningar. Vi håpar det gir enda meir truverd som den einaste lokalavisa i Giske.