Sjølv-evaluering er ein kunst. Skal ein evaluere seg sjølv, må ein gi altruismen fritt spelerom.
(LEIAR 2. NOVEMBER 2023)
Både på mikro- og makronivå, er evaluering noko heilt grunnleggande for eit samfunn som vårt. Vi kan ikkje berre dure av garde utan eit blikk vendt utover. Det gjeld både på det personlege planet og på det meir overordna politiske planet.
Ei erkjenning av at noko bør evaluerast, er ei erkjenning av at ein ikkje alltid strekk til. At ikkje alt er perfekt. At ein vil utvikle seg og gjere det betre neste gong. Det er ei type sjølvransaking som alle barn bør lære å bli bevisste på gjennom oppveksten, både i husstanden, i barnehagen og på skulen. På mikronivået i heimen må ikkje foreldre og føresette vere redde for å setje barn i situasjonar som i ettertid utløyser ein viss grad av sjølv-evaluering. Blei oppvasken rein? Blei målet med støvsuginga oppfylt? Blei peparkakene gode, eller var det for mykje pepar? Moglegheitene på heimebane er uendelege for slik vesentleg læring.
Og når ein har lært å handtere og evaluere på heimebane, kan ein overføre desse erfaringane til vaksenlivet. Nokon gongar må ein også erkjenne behovet for å trykke til og gjere ein ekstra innsats for å skape eit godt og trygt fellesskap, sjølv om det der og då kan kjennast både unyttig, kjedeleg og slitsamt. I den samanhengen kjem uttrykket «målet heilagar middelet» til sin rett i positiv forstand.
Å sjå korleis andre har det, og ut ifrå det finne ut korleis ein gjer noko godt for andre, er noko som bygger altruisme framfor egoisme.
Dermed gjer det sjølvsagt godt å sjå at kommunen – på sitt makronivå – tar sjølv-evaluering på alvor. Det kan ha stor betydning for alle oss som ligg godt plassert på mikronivået. Eg er overtydd om at fleire – både i administrasjonen og blant politikarane – er godt oppdratte på heimebane.
Håpet er at sjølv-evaluering held fram, både i saker som dei som sit på makronivåa sjølv ønsker å belyse, men òg i omstridde saker som innbyggarane peiker på. Eitt døme er byggesaksbehandlinga i kommunen oppigjennom dei siste åra. Kanskje kommunen kunne ha initiert ei brei evaluering der, med blikket retta ut mot innbyggarane, utbyggjarane og dei som har sete tolmodige og venta på svar på byggesøknadar? Då kunne kanskje fleire innbyggarar fått tilbake trua på makronivået.