ØyBlikk
5 minutter lesetid

– Alle rekordar blir slått

Biblioteksjef Berit H. Hjertø svarer på spørsmål frå ein åttandeklassing og redaktørson.

– Korleis er det å jobbe på biblioteket?

– Det er veldig kjekt, eg gjer jo veldig mykje forskjellig. Og eg treff masse folk!

Saka held fram etter annonsen

– Er det noko mindre kjekt med jobben?

– Kassering er kanskje litt kjedeleg, men det er det Håvard som gjer. Det å kassere er veldig kjedeleg men det er utroleg gøy å sjå resultatet av det, og få rydda og få litt meir orden.

– Kor lenge har du jobba her?

– Eg har jobba her i snart to og eit halvt år.

– Er det forskjellig kor stort utval dokker har av bøker i forskjellige aldersgrupper?

– Ja det er det jo. Vi kjøper og får veldig mange barnebøker, men eg trur det kan sjå ut som vi har fleire vaksenbøker, fordi vi har jo ein del av biblioteket for barn, og ein del for ungdom og tenåringar, men over halve biblioteket er jo fylt med vaksenbøker.

– Kva aldersgruppe låner mest bøker?

– Vanlegvis er det vaksne som låner mest bøker. Men under Sommarles, er det utan tvil mest barn som låner bøker.

– Kva dagar blir det lånt mest bøker?

– Eg vil seie at onsdagar og fredagar er dei dagane med mest folk her.

– Er det forskjell på kor mykje bøker som blir lånt ut med årstidene?

– Når det er Sommarles er det ei stor mengde bøker som blir lånt ut. Da er det fleire som låner mange bøker frå same serie, og rasar igjennom bøkene. Heldigvis leverer dei tilbake bøkene, for det er alltid nye barn som vil lese dei. Også før jul kan det bli lånt ut mange bøker, fordi dei tenker at dei vil lese litt før jul, men også i jula. Også påske er det ein del folk. Ofte framfor feriane blir det lånt ut mykje, fordi da har dei meir tid til å lese.

– Kor mange deltek på Sommarles i år?

– I fjor var det cirka 300 som deltok i Sommarles. Allereie no, etter 11 dagar er vi oppe i 251 barn som er med på Sommarles! Dei har lest 1873 bøker og 175 948 sider til saman, så dette trur eg blir ny rekord!

– Har deltakartalet endra seg med åra?

– Ja det har det. Det går oppover og oppover.

– Kva er rekorden på poeng i Sommarles?

– Sommarles-systemet tel berre opp til 30 poeng, men vi tel og gir premiar så langt vi kan. Rekorden er oppe i level 100.

– Trur du nokon slår rekorden?

– Ja. Alle rekordar blir slått, seier Berit og flirer. – Premiane er jo ein god motivasjon.

Saka held fram etter annonsen

– Korleis var det å bli intervjua av Andreas junior?

– Jo det var veldig hyggeleg, svarer Berit og ler.

Beskjed frå Berit:

– Eg ville berre seie at vi har Sommarles til 31. august. Det vil seie at vi har tre månader igjen. Det er ikkje for seint å melde seg på verken no, i juli eller i august. Så det er ingen fare!

Ho vil også legge til:

– Det er viktig å vere ærleg med leselistene, for det er vel ingen glede i å få premie for noko ein ikkje har lest? Vi har allereie kome over to gedigne fuskarar.

Isak Theodor Hesselberg (13) har hatt såkalla «jobbskyggingsdag» hos ØyBlikk. Då fekk han oppleve korleis ein arbeidsdag i redaksjonen er, og han fekk prøve seg på å intervjue og ta bilde av biblioteksjef Berit H. Hjertø etter eige initiativ. Teksten har han skrive sjølv, nesten heilt utan rettingar frå redaksjonen.

Journalist for éin dag! (Foto: Andreas Hesselberg)