ØyBlikk
2 minutter lesetid

Verdien av fellesskap

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

No som vi straks går inn i påska – ei tid som vitnar om håp, fornying og nytt liv – ser også ØyBlikk framover. I tida som kjem vil vi satse meir på bruk av korte og enkle videoklipp i høgdeformat, fordi vi vil bringe lesarane enda tettare på det som skjer i Giske. Ei meir levande lokalavis på nett og i sosiale medium er viktig i desse digitale tider, enten det handlar om små kvardagsøyeblikk eller store hendingar.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Påska minner oss om verdien av fellesskap, og dette er noko vi ønsker å bygge lokalavisa vidare på. Vi trur på ei lokalavis som ikkje berre fortel gjennom tekst, bilete og video, men som òg er samlande for heile lokalsamfunnet. For å få til det, treng vi at fleire samlar seg om ØyBlikk som abonnentar, men også at fleire blir med på å løfte lokalmiljøet sitt fram i lyset.

Med di støtte, som ein del av ØyBlikk-familien, kan vi lage meir innhald som rører, engasjerer og informerer. Så medan vi nyt påska og kanskje ein Kvikk Lunsj eller to, håpar vi at du som ikkje er abonnent per i dag vurderer å bli med på reisa som abonnent.

Vil du at vi skal skrive om noko som gjeld deg eller ditt lokalsamfunn? Ta kontakt med oss. For å lage ei god avis treng vi folk som stiller opp i sakene våre, og terskelen er låg for å kome på trykk.

God påske frå oss i ØyBlikk!