Trygg, tillitsfull og truverdig
I ei tid når tilliten til media står på spel, får saka der NTB måtte trekke ei nyheitssak med falske sitat og ikkje-eksisterande kjelde ein ekstra tydeleg dimensjon.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
15. oktober publiserte NTB ein artikkel full av KI-genererte feil. I saka blei det brukt fem sitat som ikkje blei funne igjen i originalkjelda (ein Telenor-rapport), og det blei brukt namn på ei fiktiv kjelde.
Dette minner oss på noko som er viktig å formidle for ei lita lokalavis som ØyBlikk:
Lesarane må vite at vi bygger produktet vårt på sanne opplysningar og etiske val – kvar dag.
Lokalsamfunnet bygger på tillit. Når vi dekker ting som angår deg og meg, organisasjonar, kommunen, skule og næringsliv, så er det heilt grunnleggande at vi gjer alt for å levere med sannferdig integritet.
Og om vi gjer noko feil – noko som kan skje og har skjedd – vil vi vere raskt ute med å beklage og lære av det.
ØyBlikk er opptatt av å bruke truverdige kjelder, direkte sitat skal bli skikkeleg attgjeve, vi skal sleppe til stemmer som ønsker å kome til orde, og vi skal ta ansvar for å setje eit kritisk søkelys på makta.
Dersom media mister fotfeste i etikken, parallelt med introduseringa av KI, må ein spørje seg: Kven skal då vere ansvarlege? Kven skal då opne for sannferdige stemmer i vårt lokalsamfunn?
ØyBlikk – og alle andre lokalaviser – må framleis vere trygg, tillitsfull og truverdig. Vi vil ikkje la manglande vaktsemd eller feil bruk av KI gå ut over vårt truverd. Kvar og ein av lesarane skal kunne stole på at vi er levande menneske som gjer jobben vår ordentleg.
Eg vil nytte høvet til å takke alle trufaste abonnentar for tilliten. Vi lovar å framleis vere tilliten verdig.

