Til alle lesarar: Takk!
Når eg skal oppsummere året 2025 kjenner eg på stor takksemd.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Vi som jobbar i ØyBlikk sin vesle redaksjon set så stor pris på alle som velvillig stiller opp i lokalavisa, både kommunetilsette, folkevalde, næringslivet, representantar for frivilligheita og alle andre, fordi vi har eit oppdrag med å formidle viktige saker for lokalsamfunnet og eit vidt spenn av det som skjer i heile kommunen.
Å drive lokalavis er eit spleiselag. Med kraftig fall i annonseinntektene dei siste åra, der næringslivet fokuserer mykje på andre kanalar for å nå sine målgrupper, er det abonnementsinntektene som utgjer grunnlaget vårt – meir enn nokon gong. Takk for at du er med på å spleise!
Det er altså deg vi lever av, og det er deg vi er avhengige av for å drive lokalavis. Du er den direkte utløysande årsaka til at ØyBlikk eksisterer.
Når vi snart legg 2025 bak oss, kjenner eg på stor takksemd for at vi har trufaste lesarar og abonnentar. Eg rettar ein personleg takk til akkurat deg.
Eg håpar at 2026 vil bli eit år der innbyggarane i Giske held fram med eit stort og brennande engasjement for lokalavisa. Hugs å tipse oss om både smått og stort. I ØyBlikk er det låg terskel for å kome på trykk. Det er viktig for oss at alle blir høyrde.
Eg ønsker deg ei roleg og fredfull julehøgtid. Eg håpar du finn noko ro og glede trass i det du eventuelt står midt oppi. I jula får vi lov til å fryde oss over noko stort – ein Frelsar som kan fylle oss med både glede og kjærleik til kvarandre. Det kan vi tillate oss å kvile i.
Ny papirutgåve av ØyBlikk kjem 8. januar.


