Éin stad går grensa når det kjem til påstandar utan rot i verkelegheita. Her svarer ØyBlikk på feilaktige påstandar som kjem fram i eit nyleg FAU-referat.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
I det offentleg delte referatet frå FAU-møtet ved Valderøy barneskule 6. juni, blir ØyBlikk skulda for å ha tatt artikkelen om truslar og vald i Giske-skulane ut av kontekst. Vi blir skulda for å bruke avvika på ein «misvisende måte» (1) og for å setje saman delar av avvika i situasjonar som ikkje reflekterer verkelegheita (2).
Det står også i referatet at «rådmannen og rektor forsøkte å stoppe artikkelen» (3). I tillegg står det at rådmann og rektor skal ha bedt «journalisten endre spesifikke utsagn feks. «gutt i 5. klasse», men dette ble ikke etterfulgt» (4).
Dette er påstandar som ØyBlikk ikkje kan la stå uimotsagt. Her er ØyBlikk sine avklaringar rundt dei nemnde punkta:
- Dei avviksmeldingane som ØyBlikk har gjennomgått, 481 i talet, er ikkje brukt misvisande. Her har vi kartlagt kva for avvik som gjeld truslar og fysisk vald i Giske-skulane. Sitat som vi har publisert frå avvika (12 stykk i papirutgåva og 17 stykk i nettavisa) er reelle sitat henta frå datamaterialet vi har fått innsyn i.
- Sitata frå avvika er ikkje tukla med. Avvikstekstane er slik dei var då vi fekk dei frå kommunen, med unntak av enkelte passasjar som ØyBlikk har fjerna for å verne elev, klasse eller skule. Avvika viser dermed hendingane slik dei er beskrive i avviksmeldingane.
- Verken kommunedirektøren, kommunalsjef for oppvekst eller rektorar har forsøkt å stoppe artikkelen. ØyBlikk har hatt møte med både kommunedirektør og oppvekstleiinga i lang tid før artikkelen blei publisert. Kommunedirektør og kommunalsjef har også lest igjennom heile artikkelen før han blei publisert både på nett og papir. Dei har òg blitt informert om kva konkrete avviksmeldingar ØyBlikk såg som aktuelle å sitere frå.
- Kommunedirektør og rektor har aldri tatt kontakt med ØyBlikk for å endre spesifikke utsegn i avviksmeldingane. Der har ØyBlikk tatt det fulle og heile presseetiske ansvaret sjølv. Det er beviseleg feil at vi har publisert «gutt i 5. klasse» i avviksmeldingar (berre les igjennom saka på nett og papir), og det er ikkje riktig at nokon har bedt oss om å endre ei slik utsegn. ØyBlikk har gjort det som skal til for å ikkje knyte spesifikke elevar eller klassar/trinn opp mot avviksmeldingane vi har sitert, i godt samarbeid med kommunen. Vi har heilt frå vi starta arbeidet med saka hatt kontinuerleg dialog med kommunedirektør og kommunalsjef oppvekst om kva omsyn vi måtte ta.
ØyBlikk driv journalistikk i tråd med Ver Varsam-plakaten og andre retningslinjer som ligg til grunn i norsk presse. Vi tar òg opplysingsplikta og offentlegheita si interesse på alvor og kjem til å halde fram med å belyse avvik som ofte kan gå under radaren i ein liten kommune. Openheit rundt slike avviksmeldingar er alltid av offentleg interesse og kan føre til forbetringar internt i dei ulike sektorane. Det kan også føre til at innbyggarar og folkevalde lærer noko og tar utfordringar i lokalsamfunnet på alvor. Derfor er dette eit oppdrag ØyBlikk tar særs alvorleg.
Les meir om kvifor ØyBlikk har valt å publisere avviksmeldingar: Dei tilsette er heltar
Ja, det kan gjere vondt når knoppar bristar. Sjølvsagt kan foreldre reagere med tårar og sinne når utfordringar kjem fram i lyset. Sanninga kan gjere vondt, men sanninga er likevel heilt nødvendig å få fram.
Det er oppsiktsvekkande at dei nemnde påstandane blir publisert i eit FAU-referat utan at nokon på førehand har kontakta ØyBlikk for å avklare misforståingar. Éin ting i FAU-referatet er heilt korrekt: «Artikkelen presenterer det økende voldsproblemet på skolene i Giske kommune». Det var det som var hensikta.
ØyBlikk driv reieleg journalistikk. Vi forventar også reieleg behandling frå publikum – og ikkje aktiv ryktespreiing som ikkje har rot i verkelegheita.