ØyBlikk
2 minutter lesetid

Når initiativ manglar, må ØyBlikk gjere tiltak

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

Det går mot slutten av 2024. Trass i fleire brennheite saker i ØyBlikk gjennom året, som burde ha trigga respons frå lokale politikarar, har det kome veldig få initiativ til å fronte meiningar og standpunkt på redaksjonell plass eller ved å sende oss lesarinnlegg/ytringar. Vi kan telje på éi hand kor mange politikarar som har kontakta ØyBlikk på eige initiativ i år for å fremje sitt syn.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Vi er sjølvsagt takknemlege og nøgde med at folkevalde svarer på spørsmål når ØyBlikk tar kontakt om saker vi skriv på grunnlag av til dømes saksdokument, postlister eller politiske møte, men faktum er at initiativa nesten ikkje eksisterer den andre vegen.

Vi har fleire gongar mint politikarane om at innbyggarane ønsker å høyre deira stemmer i saker som angår lokalsamfunnet. Det er trist å konkludere med at politikarane så langt ikkje har vist det store engasjementet. Eg veit ikkje kva kontaktvegringa handlar om. Er ein uroa for å fronte sitt syn? Har ein for mykje å gjere som politikar? Uansett årsak, fortener innbyggarane framoverlente, tydelege og uredde politikarar som vil fronte sine syn i offentlegheita og tar lokalsamfunnet på alvor.

For å få bukt med denne utfordringa, startar ØyBlikk ei ny spalte frå januar: «Månadens spørsmål til dei folkevalde». Kvar månad vil ein representant frå kvar av dei ni partia i kommunestyret bli bedt om å svare på eit aktuelt og relevant spørsmål som gjeld saker vi skriv om eller ting som rører seg i lokalsamfunnet. Med det håpar vi at innbyggarane får vite meir om politikarane sin ståstad. Det fortener dei som bur i Giske.