Er det éin ting som er grenselaust irriterande, så er det ymse prosjekt som blir starta opp, men som aldri kjem skikkeleg i gang. Typisk norsk, kan ein nok seie.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Eg hugsar frå barndommen at vi bygde ei treetasjes leikehytte mellom tre store furutre på tomta til bestekameraten min. Det var golv, tre veggar, dører, ymse provisoriske installasjonar som til dømes steikeomn utan straum, eit gamalt trøorgel, takterrasse (med HMS-godkjend rekkverk, sjølvsagt) og eit tjukt tau som naudnedgang frå taket. Prosjektet tok si tid, men det var da jaggu meg jamn framgang heile vegen! Einaste stillstand var då vi måtte møte opp på skulen kvar dag. Og då vi måtte på symjeopplæring eller skulle heimatt på kvelden for å ete seks brødskiver med Nugatti før sengetid. Elles krinsa fokuset sjølvsagt rundt vårt felles prosjekt. Kvar dag! Og veit du: Det var tvingande nødvendig. Kameraten min hadde ein veslebror som forventa framgang. Det same forventa dei yngre naboungane, som stadig troppa opp ved hytta og tok rake vegen opp til takterrassen via innvendige stigar. Tenk om ikkje stigane var monterte!
Korleis hadde det tatt seg ut om vi ikkje landa prosjektet? Kva hadde hytta vore utan framdrift? Kva hadde naboungane sagt då? Eg kan konkludere med at dei hadde blitt skuffa om vi ikkje fullførte. Ja, dei hadde sikkert gjort opprør med vasspistolar eller skote rundt seg med pil og boge – iført indianarkle og «aaaiaaaiaaaa»-rop.
Nordmenn er ikkje kjende for å gjere opprør. Kanskje finn du ein og annan raring som protesterer under partileiardebattar. Men dei fleste sit med kaffien sin på terrassen og klagar til ektefellen. Eller sit på PSS på Valderøya. Eller sleng ut nokre dårleg grunngjevne påstandar på Facebook. Dei færraste skriv lesarinnlegg til lokalavisa. Ingen gidd eller vågar det. Vi er stort sett sindige, vi nordmenn. Altfor sindige. Kanskje skal vi begynne å tru på at den lange røykskya etter jetflya på himmelen er gassar som blir slopne ut for å halde befolkninga i sjakk – ja, slik at vi heller lar oss terge av temperaturen på kaffien.
Det ryktast at dei i Kina bygger 100 kilometer motorveg på ei veke. Det er truleg eit overstatement, som det heiter på godt norsk, men det er like fullt eit poeng. Sjå på Valderøyvegen korleis det ser ut. Fire dagar etter at arbeidet starta med bortfresing av gamalt asfaltdekke, er dei enno ikkje i gang med legging av ny asfalt. Entreprenøren er sporlaust borte i fleire dagar, og bilistar er nøydde til å ratte over skarpe asfaltkantar og køyre på ein veg som durar og hentar fram skumle traume frå ei MR-maskin.
Med hyppige regjeringsbyter, står naudsynte prosjekt for fall. Hyppige i den forstand at det tar minst åtte til tolv ulike regjeringskonstellasjonar før ein rekk å bygge ferdig 10 kilometer med motorveg i Gudbrandsdalen. Eller før ein ber entreprenørar gjere jobben sin raskast mogleg utan at vi rister av oss brillene når vi køyrer langs vegen. Eller før ein gir dei eldre verdig alderdom og omsorg. Det er molbulandet Norge, det.