Ei fersk kake er ekstra god når ho blir servert første gongen. Når du et opp restane frå kjøleskapet nokre dagar etter, er ho kanskje ikkje like god. Eller jo, kanskje ho er det?
Eg trur det kjem an på auget som ser – eller munnen som smakar.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Denne veka var tidlegare journalist, lærar og politikar Kirsti Dale ute med skarp kritikk av Sunnmørsposten. Ho er skuffa over at ho ikkje finn noko nytt i avisa sine papirutgåver. – Den daglege papiravisa og e-avisa består nesten berre av saker som har vore på nett i fleire dagar, seier Dale i eit intervju med Sunnmørsposten.
Eg forstår skuffelsen godt. Ei papiravis bør innehalde noko eksklusivt som enno ikkje har vore publisert på nett. Derfor har ØyBlikk som fast tradisjon å spare minst to-tre artiklar til papiravisa. Desse blir ikkje publisert på nett før same dag som papiravisa kjem ut. Dermed vil ein få ein legitim følelse av å lese noko nytt når ein opnar ØyBlikk torsdag morgon, og det aukar nyheitsverdien for papirutgåva. Slik skal det framleis vere.
For ØyBlikk er papiravis og nettavis to produkt som utfyller kvarandre. Sjølvsagt er det også slik hos oss – med 1,6 journalist-årsverk – at mange av sakene kjem i nettavisa før dei kjem på trykk i papirutgåva. Det heng saman med at vi ikkje har kapasitet til å skrive mange ferske saker same dag som avisa går i trykken, og det heng saman med ei lesarforventning om at det skal vere noko nytt å lese i nettavisa kvar dag. Det er ei forventning vi framleis vil imøtekome.
Så om kaka smakar best når ho er fersk eller ei, heng mest saman med kva tidspunkt du vil ete ho på. Vil du kaste deg over ho med ein gong, er det kanskje eit digitalt abonnement som er best for deg. Vil du vente på godet, er det truleg papirutgåva som smakar best. ØyBlikk tilfredsstiller i dag begge forventningar og målgrupper.
Vi held sjølvsagt fram med å by på noko eksklusivt innhald i papiravisa, som til dømes kryssordet, spalta «Dagen i dag» og spalta «Gode, gamle ord», samt minst to-tre saker som enno ikkje har vore publisert på nett. Det skylder vi våre trufaste papiravis-abonnentar, trass i nettavisa sitt sterke inntog i medieverda.
Håpet er dermed at kaka smakar godt uansett når du et ho.
Andreas Hesselberg
Redaktør