Kjære sambygdingar! ØyBlikk-staben går no ut i ferie. Framfor oss ligg ein haust og vinter, og vi vil minne om at lokalavisa spelar ei veldig viktig rolle i vårt lokalsamfunn.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Avisa er ikkje berre ei kjelde til nyheiter basert på kritisk eller undersøkande journalistikk, men skal også vere eit spegelbilde av liva våre, kulturen vår og ulike samfunnstema som påverkar mange av oss. For at ØyBlikk skal kunne halde fram med å vere ei relevant og levande avis, er vi avhengige av engasjement frå innbyggarane.
Å stå fram i viktige saker som vedkjem lokalsamfunnet er ikkje alltid lett, men det er avgjerande for at stemmer skal bli høyrde. Det er alltid best å feste eitt eller fleire ansikt til ei viktig sak, enten det gjeld skulepolitikk, helse og omsorg, miljøspørsmål eller andre tema som kan kjennast sårbart. Det er viktig at ein ikkje er redd for å vise seg fram og delta aktivt som samfunnsborgar i Giske. Kvar einaste stemme tel, og ditt perspektiv kan faktisk gjere ein forskjell når ØyBlikk skriv om saker som rører ved fleire menneske.
Vi oppmodar alle til å stille opp som intervjuobjekt når det trengst, dele sine meiningar gjennom lesarbrev/ytringar og vere med på å forme innhaldet i ØyBlikk i framtida. Ei avis utan aktive lesarar og bidragsytarar kan bli for irrelevant – og noko viktig kan stå i fare for å ikkje bli omtalt dersom ingen stiller til intervju. La oss saman sørgje for at ØyBlikk held fram med å vere eit sterkt talerøyr for vårt lokalsamfunn, drive undersøkande og kritisk journalistikk og utfordre folk i maktposisjonar.
Engasjer deg, del di historie og ver med på å gjere ØyBlikk enda betre. Saman kan vi sikre at avisa vår held fram med å vere ei levande og viktig stemme for alle innbyggarar.
ØyBlikk si papirutgåve er tilbake 8. august. I mellomtida har vi førebudd nokre leseverdige saker som blir publiserte i nettavisa medan vi har ferie. Sjølvsagt kan du også tipse oss om smått og stort i heile sommar. Det gjer du på redaksjon@oyblikk.no
Takk for at akkurat du abonnerer på lokalavisa!