ØyBlikk
3 minutter lesetid

Dette kan gi tragiske konsekvensar

Om norske medium ikkje tar ansvar for å røkte kommentarfelta, kan det i verste fall føre til tragiske konsekvensar som ein ikkje blir straffa for.

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

«Aksel (25) savnet ikke påskefjellet i Vikingskipet», skriv Aust Agder Blad i ein artikkel om den entusiastiske Risør-mannen som har vore fast på The Gathering sidan 2016. Artikkelen blei også delt på avisa si Facebook-side måndag 6. april.

Saka held fram etter annonsen

Kommentarfeltet er ikkje triveleg lesing. «Det kan sjå ut som han kunne trengt litt fysisk aktivitet», skriv éin. «Påskefjellet savnet ikke Aksel», skriv ein annan. «Maen har jo aldri vært på et fjell», skriv ein tredje.

Dette er vaksne menneske. Slikt gjer meg eitrande sint. Og det er Aust Agder Blad si manglande røkting av kommentarfeltet som gjer meg mest sint.

Nokon tar heldigvis til motmæle:

– Her var det en del manglende impulskontroll eller sosial intelligens. Vi foreldre og skoler jobber hardt for at barn ikke skal mobbe eller oppleve mobbing, men det er umulig når de barna speiler seg i mobbere, skriv ein av dei vaksne vaksne.

Kan vere den siste dråpa

Slike kommentarar kan vere den siste dråpa som dyttar nokon utfor kanten. Alle vaksne menneske må ta inn over seg at sjølvmordstala aukar på landsbasis. I gjennomsnitt 655 menneske har tatt livet sitt i Norge kvart år dei siste fem åra før 2024, ifølgje tal utarbeidd av Samarbeidsdesken. Ifølgje FHI er talet 739 for 2024.

Saka held fram etter annonsen

Eg håpar at alle medium i Norge vil bidra til å få ned sjølvmordstala og få slutt på mobbing. Då MÅ ein røkte kommentarfelta sine fleire gongar om dagen.

Underteikna vel å ikkje sensurere namna på dei som har skrive kommentarane, sidan Aust Agder Blad si Facebook-side er å rekne som eit offentleg forum og kommentarane ser ut til å vere skrive av vaksne menneske som mest truleg veit kva dei gjer.