Det er di oppgåve å verne ditt eige barn
Barn og unge må vernast mot valds- og drapsvideoar på sosiale medium. Kva reelt ansvar tar du som forelder?
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Drapet på Charlie Kirk og den raske spreiinga av usensurerte videoar frå hendinga har ført til uro mange stadar – også i Giske.
Førre veke sende Giske ungdomsskule ut eit varsel til foreldra om at elevar ved skulen var eksponerte for drapsvideoen. For dei som ikkje veit detaljane: Videoen viser tydeleg at Kirk blir skoten i halsen, blodspruten står og han segnar om.
At elevar ved ungdomsskulen (og kanskje også på barneskulane?) har blitt eksponerte for slike videoar på mobiltelefonane sine, viser at vi har ein alvorleg situasjon blant barn og unge – og blant foreldra – både i Giske og elles.
Skulen sende ut varselet til foreldra utan å nemne kva appar eller plattformer det gjaldt. Dermed blir det kanskje vanskeleg for nokre foreldre å følgje opp konkret og ta samtalen med barna om kva dei faktisk har sett. Likevel: Som forelder skal ein ta eige ansvar for å forstå kva appar/sosiale medium det dreiar seg om. Det er ei plikt å setje seg inn i kva barn og unge bruker.
Det er ikkje barn og unge som har bedt om å få tilgang til mobiltelefonar. Det er storsamfunnet og foreldra som er skuld i at denne tilgangen har blitt ein realitet. Men for meg er det heilt openbert: Barn og unge treng ikkje fri tilgang til sosiale medium der brutale draps- og valdsvideoar spreier seg på få sekund. Appar som YouTube, Instagram, Snapchat, Facebook, X og TikTok kan i løpet av eit augeblink gjere grafisk innhald tilgjengeleg for ein tolvåring på skulevegen. At dette faktisk skjer, er eit illevarslande teikn på at både teknologiselskapa og foreldre har svikta.
Teknologiselskapa har eit ansvar dei ikkje tar på alvor. Det veit vi godt allereie. Det er ikkje nok med aldersgrenser på papiret; det må følgjast opp med verktøy som verkeleg verkar. Drapsvideoar og liknande må stoppast før dei blir delt vidare, og rapporteringssystema må vere både enkle og effektive.
Men vegen til Utopia er ekstremt lang når ein ser at gale menn bak rattet har liberalisert fleire av dei sosiale media dei siste åra.
Det heile og fulle ansvaret fell likevel på foreldra. Det er ei kjennsgjerning at mange barn og unge i Giske har tilgang på ulike plattformar utan å vere gamle nok. Og dét med foreldra si hårreisande velsigning. Det finst absolutt ingen grunn til at barn og unge skal ha tilgang til appane nemnd ovanfor. Dei kan greie seg fint med kommunikasjonskanalar som SMS, WhatsApp eller liknande for å ha ein god kommunikasjon med jamnaldrande.
Samstundes må skulane i Giske stå enda tettare saman med foreldra: Skulane bør ikkje berre sende ut eit varsel, men også fortelje kva appar det gjeld. Skulane (og foreldra!) må også gi kunnskap til elevane om kva slags innhald som kan dukke opp, kvifor algoritmane spreier slikt materiale og kva det gjer med oss å sjå det. Det er eit ansvar eg trur skulane allereie tar alvorleg. Men gjer foreldra det? Tar foreldra styringa på ungane sin mobiltelefon? Set foreldra opp app-sperrar og tidssperrar i foreldrekontrollen på mobilane?
I FN sin barnekonvensjon, som Norge har forplikta seg til å følgje, står det at ein skal beskytte barn mot informasjon og materiale som kan vere skadeleg for deira velferd. Barn og ungdom har dermed rett til å vekse opp utan å sjå drap og vald på mobiltelefonen. Men kva hjelper denne retten når foreldra sviktar totalt? Då fell retten i grus – innanfrå – og det vil etter kvart gå opp for ungane at det er dei næraste vaksne rundt dei som har svikta.
Det er foreldra som må trekke opp grensene, verne sitt eige barn og ha mot nok til å seie nei. Slett appar som YouTube, Instagram, Snapchat, Facebook, X og TikTok frå ungane sin mobiltelefon. Nok er nok.
Denne kommentaren blei skrive før denne saka blei kjent.

