ØyBlikk
4 minutter lesetid

Derfor skriv ØyBlikk om sjølvmord

Sjølvmord er eit enormt og tragisk samfunnsproblem som krev merksemd. Målet må vere å skape meir openheit om utfordringar i livet og eit enda betre fellesskap.

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

Førebelse tal frå FHI viser at 727 personar tok livet sitt i 2024. I faglege råd om sjølvskading og sjølvmord, utgitt av FHI, står det at «nøktern og informativ omtale av selvmord og selvskading kan avlive myter, synliggjøre selvmord som et samfunnsproblem og redusere stigma.» Dessutan: «Ansvarlig medieomtale kan gi befolkningen økt kunnskap om selvskading og selvmord og bidra til at personer søker hjelp.»

Saka held fram etter annonsen

Dette samsvarer godt med ØyBlikk sin motivasjon for å skrive om temaet, i tillegg til at temaet er eit pågåande prosjekt for den såkalla Samarbeidsdesken. Samarbeidsdesken er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (som ØyBlikk er medlem av), Senter for undersøkende journalistikk og NRK der omfattande research-materiale blir gjort tilgjengeleg for lokalavisene i Norge.

Media kan ha ei viktig rolle i å bidra til openheit rundt sjølvskading og sjølvmord, meiner FHI, og får støtte av Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag sin felles rettleiar for omtale av sjølvmord. I den rettleiaren står det: «Selvmord er et alvorlig samfunnsproblem som mediene bør og kan dekke.» Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid skriv også at «det er altfor lite omtale av selvmord som samfunnsproblem.»

Det viktigaste ved omtale av sjølvmord som tema, er varsemd og nøytral framstillingsmåte. Det er ein seigliva myte at all omtale av sjølvmord fører til smitteeffekt. Det har dog vist seg at sensasjonsprega eller glamoriserte oppslag om sjølvmord kan ha hatt smitteeffekt, til dømes ved omtale av konkrete sjølvmord hos kjende personar, omtale av spesifikke metodar, spesifikke stadar der sjølvmord har funne stad eller bruk av statistikk på ein sensasjonsprega måte. Det finst òg eksempel på forsking («Papageno-effekten») som viser at medieomtale av personar som har slitt med sjølvmordstankar, men som har klart å kome seg igjennom denne fasen, har ført til ein generell nedgang i sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Når det også finst forsking på at omtale som fokuserer på negative effektar ved sjølvmord, eller på løysingar og alternativ til sjølvmord, kan ha førebyggande effekt, vel ØyBlikk å omtale temaet for å redusere stigma rundt psykiske plagar, auke kunnskapen om hjelpetilbod og bidra til opplysing om korleis ein kan få hjelp. Som ein bonus kan vi håpe at omtalen av temaet kan inspirere til håp og livsmeistring, og at folk tør å vere opne om livets utfordringar. Det vil bidra til eit betre fellesskap for alle.

I neste utgåve av ØyBlikk kjem vi meir inn på korleis kommunehelsetenesta i Giske fungerer heilt konkret for å fange opp dei av oss som har psykiske plagar.