Bruk lokalavisa som den demokratiske og meinings-brytande kanalen ho er
5. desember 2024 gjekk ØyBlikk ut på kommentarplass og etterlyste innlegg frå lokalpolitikarar i ytringspalta vår. Sidan då har aktiviteten ikkje tatt seg opp.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Lokalpolitikarar i Giske sender nesten aldri ytringar til lokalavisa ØyBlikk. Det gjer at vi må publisere ytringar som kjem inn frå andre folk/aktørar utanfor kommunen. ØyBlikk er forplikta til å publisere debattinnhald for å få pressestøtte.
Torsdag 5. mars i år trykte ØyBlikk to ytringar frå privatpersonar som hadde direkte spørsmål/utfordringar til lokale folkevalde. Ingen politikarar har til no gitt respons. Ein kan då spørje seg om lokalpolitikarane følgjer med i lokalavisa.
ØyBlikk har undersøkt kor mange ytringar som er sendt inn frå lokalpolitikarar sidan desember 2024. Legg vi godvilja til, er det ni ytringar der lokale folkevalde står som avsendar – enten aleine eller saman med andre fylkespolitikarar frå partiet. Seks av dei ni ytringane kom inn i samband med stortingsvalet 2025, og fem av dei ni er signert Kenneth Langvatn (H).
Hittil i år har ikkje politikarane sendt inn ytringar på eige initiativ.
I januar i fjor starta vi spalta «Månadens spørsmål«, som eit konkret tiltak for å tvinge politikarane til å ytre seg utanom det redaksjonelle innhaldet. Nokre er flinke til å svare, men også her opplever vi manglande svar på spørsmål som er høgst relevante for lesarane og innbyggarane i Giske å få svar på.
Oppmodinga – sterkare enn nokon gong – går igjen til politikarane om å nytte høvet til å bruke lokalavisa som den demokratiske, meiningsbrytande kanalen ho er. Å sende inn ytringar til ØyBlikk vil bidra til å løfte den politiske debatten, samt få fram i lyset ulike tema som elles ikkje hadde kome fram.
Ytringar i Øyblikk frå lokale politikarar sidan desember 2024:
- 19. februar 2025: Ei fiskerihamn for framtida
- 4. mars 2025: Vil du vere med å feire 1000-årsjubileum?
- 6. august 2025: Meir arbeid til ungdomen
- 26. august 2025: Stem Høgre – for sterke lokalsamfunn og ei ansvarleg regjering
- 2. september 2025: Helse som en rettighet, ikke en vare
- 3. september 2025: Høgre sin politikk for familiane
- 5. september 2025: Om gangveier, andre veier og veivalg i valget
- 6. september 2025: Senterpartiet sin politikk betyr mykje for Giske
- 20. oktober 2025: Løfter skal holdes



