Kven fortener ei julemerksemd frå ØyBlikk i år?
ØyBlikk har som tradisjon å dele ut julemerksemd til nokon som fortener det. Det er opp til deg kven som skal bli heidra. Nomineringa er open!
Vi deler ut opptil fire julemerksemder fram mot jul. På den måten vil vi bidra til å løfte fram eldsjeler i Giske og dei som har gjort noko godt for andre.
Saka held fram etter annonsen
Du kan nominere folk du meiner er verdige kandidatar: ein enkeltperson, ei gruppe eller ei foreining/organisasjon som har gjort noko godt for deg eller for lokalsamfunnet.
Nominer din(e) kandidat(ar) her, og grunngi kvifor du ønsker å nominere kandidaten. Du kan også nominere og grunngi per SMS til 40 85 82 84.

