ØyBlikk
JUL
1 minutt lesetid

Kven er nissen?

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

ØyBlikk byr på nissegjettekonkurranse! I avisene fram mot jul presenterer vi ein nisse som du kan gjette namnet på. Fellesnemnaren er at dei alle har vore omtala i ØyBlikk i løpet av året.

Eit hint om vekas nisse:

Grøn, men ikkje heilt urøynd av den grunn. Kom inn blant dei med høgst kvinneandel. Så er det jo kanskje lett å blande ho med ho andre (som også er grøn), i alle fall når det gjeld namnet…

Saka held fram etter annonsen

Send forslaget ditt til redaksjon@oyblikk.no og ver med i trekninga av to Flax-lodd!

Nissen i førre veke var leiar av Giske Frivilligsentral, Ernst Valderhaug. Vinnar av to Flax-lodd er Evy Fjærli.