I helga hadde dei tre kora aChoir, Tolvtetten og Taretausene ei intens øvingshelg i Ålesund. No er dei spenna klare for miniturné i mars, med konserten «Flashback to the 80s».
«It’s raining men», «I’m still standing» og «Rosanna» er nokre av felleslåtane som kora øvde inn laurdag og søndag. Det meste er på plass, no er det berre finpussen igjen før det brakar laus på Parken kulturhus 14. mars, Ingebrikt Davik-huset 15. mars og Fosnavåg konserthus 16. mars.
Det var styret i aChoir som allereie i 2022 ville planlegge framover og ønska eit samarbeid med andre kor.
– Vi hadde lyst til å finne kor der vi kunne lære av kvarandre og utveksle erfaringar. Så fekk vi ei liste over kor i området og valde kva for kor vi ville samarbeide med som kunne utfylle oss. Då vart det Tolvtetten frå Fosnavåg og Taretausene frå Giske vi landa på, seier dirigent for aChoir, Turid Skjelten.
Raskt samkøyrde
Til saman tel kora nesten 70 koristar.
– Det har vore ei kjempefin øvingshelg. Det viste seg at alle koristane var budde både mentalt, songteknisk og på stemmene sine. Det gjekk utruleg fort at vi blei samkøyrde, og fekk ein felles god lyd og forståing for korleis songane skulle vere, seier Skjelten.
– Kvifor 80-talet?
– Det blei 80-talstema fordi det er mange gode songar frå den tida. Så håpar vi sjølvsagt at publikum skal kjenne seg igjen og få lyst til å synge med. Vi har med oss band og blåsarar, og det blir ein samansett konsert heilt frå balladar til store, gode 80-talssongar. Målet er at publikum skal gå med ein «så glad eg blei»-følelse etterpå, avsluttar Turid Skjelten.
Innsendt av Hilde Kristin Røsvik