Chera Westman i Informasjonskontoret for farge og interiør (IFI) meiner ein framleis har tid til å måle huset i haust. – Men du bør ikkje vente så mykje lenger, understrekar ho.
Og då meiner ikkje Westman å måle huset med tommestokk, men å måle med fargar (noko som den til tider bakstreverske nynorsken lett gir forvirring rundt, red.mrk.).
Måling av huskledning har nemleg vore eit ganske umogleg prosjekt mange stader i Norge denne sommaren, på grunn av ymse forhutla vêrtilstandar. I Sør-Norge har det vore ganske så vått.
– Om huset er vaska og ein har verktøy og målinga klar heime, treng ein berre ei helg med lovande vêr og ingen andre planar, meiner IFI.
Pass på fukta
Westman, som er teknisk rådgivar for IFI, oppfordrar folk til å unngå kveldsarbeid når ein skal måle på hausten. Ideell tid er mellom klokka 10 og 14.
– Om hausten er det ofte dogg på graset, både når vi står opp og når kvelden kjem. Dogg kan òg setje seg på kledninga, og kan vere skadeleg for herdeprosessen til målinga. Angitt tørketid på målingsboksen gjeld ved optimale forhold, altså rundt 23 grader i lufta og 50 prosent relativ luftfukt. Lågare temperaturar eller høgare luftfukt gjer at det tar lenger tid for målinga å tørke, opplyser ho.
Anbefaler fuktmålar
IFI anbefaler at ein nyttar ein fuktmålar for å vere sikker på at veggen er tørr nok til å måle på etter vask eller regnvêr. Altså, veggen treng ikkje å vere tørr for å måle fukt – og ein målar jo heller ikkje fukt på veggen, men farge, og til det brukar ein måling – men du skjønar sikkert kva eg meiner. (Her har du problemet med verba å måle og å måle på nynorsk igjen, red.mrk.).
– Kledninga si relative fukt bør ikkje overstige 16 prosent, og ein bør starte med veggen som treng målinga mest, seier Westman og tilføyer:
– Vasstynna måling og beis har ofte ein nedre grense på fem grader utetemperatur, medan oljebaserte produkt ofte kan brukast når det er enda litt kaldare.