Det skjer

Her finn du arrangement og aktivitetar i Giske. Arrangørar har sjølv ansvaret for å varsle ØyBlikk om alle nye arrangement og eventuelle endringar.

Faste hendingar:
– Måndagar: Giske Seniordans på Valdervoll. Kaffi, dans og sosialt samvær.
– Måndagar i oddetalsveker: Betweens i Valderøy bedehus. For barn frå 5.-7. klasse. Arr: Valderøy indremisjon.
– Tysdagar: Aktiv på dagtid – turgruppe. Nytt turmål kvar veke. Veke 15: Molnesfjøra. Oppmøte: Yste Molnes.
– Tysdagar: Sosialt på omsorgssenteret. Ta ein kaffikopp og slå av ein prat på Skomakarkaféen.
– Onsdagar i partalsveker: Onsdagstreff på Godøytun.
– Onsdagar: Ungdomsklubben Øy’ne på Valderøya er open. For ungdommar frå 8. klasse til 17 år.
– Onsdagar i oddetalsveker: Øving, Giske barnekor.
– Torsdagar: Møte i Giske Rotaryklubb på Mjølner. Opent for alle.
– Torsdagar: Ladestasjon for alle i lokala til ungdomsklubben Øy’ne på Valderøya. Kaffi, sosialt samvær, spel, handarbeid med meir. Arr: Mental Helse Giske.
– Torsdagar: Kafé for alle og babysong i Valderøy kyrkje. Johanneskapellet er også opent for song, bøn og lystenning.
– Torsdag, siste i kvar månad: Gospel og kafé i Valderøy kyrkje. Arr: Giske kyrkjelege fellesråd.
– Torsdag, siste i kvar månad: Strikkekafé på Rota. Arr: Vigra helselag.
– Fredagar i oddetalsveker: KRIK i Vigrahallen. For ungdom frå 8. klasse og oppover. Arr: KRIK.
– Fredagar, annakvar: Tweens for 5.-7. klasse, Godøy bedehus og kapell.
– Søndag, siste i kvar månad: Søndagskafé på Solbakken.

03.04    Strikkekafé på Kulturhuset Gamleskulen, Giske. Arr: Giske Sogelag.
03.04    Helsekveld på biblioteket. Tema: Matintoleranse. Arr: Torill Fure.
04.04    Kjellartreff i Giske bedehus. Frå 5. klasse og oppover.
04.04    Malaki – kafé for ungdom frå 6.-10. klasse, Valderøy kyrkjekjellar.
06.04    Konsert med Jonas Alaska, Kulturhuset Gamleskulen på Giske.
26.04    Kystkunst – vår 2025 – på Godøy Kystmuseum. Salsutstilling over to dagar, 26.-27. april.

Oversikta blir oppdatert kvar tysdag. Meld inn arrangement og/eller endringar på e-post til redaksjon@oyblikk.no innan måndag kveld kvar veke. Ønsker du å få inn utvida informasjon om arrangementet, til dømes klokkeslett og anna? Då viser vi til kunngjeringsplass: annonse@oyblikk.no, 47 69 40 66.