 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Ein smak av Arne
Randi H. Longva , 04.03.10
Arne Tunheim vart sett stor pris på av familie og vener under overrekkinga av Årets eldsjel 2009 på kystmuseet. –Ikkje alle forunnt å sjå seg sjølv i marsipan, oppsummerte ein munter prisvinnar.
|
|
FEIRING: Årets eldsjel Arne Tunheim fekk overrekt kake, blomar og måleri på Godøy kystmuseum måndag. Han gav ein stor del av æra for prisen til kona Sylvi.
|
–I dei 14 åra eg har jobba i Øy-Blikk har eg møtt Arne Tunheim i veldig mange samanhengar, ofte iført si karakteristiske alpehue eller fullt regnhyre, anten det er på konsertar som dirigent eller songar, Giskespelet, Godøy kystmuseum eller på ”Det flytande klasserommet Havung”, opna Hilde Røsvik, redaktør i Øy-Blikk. Saman med Sparebanken Møre delte ho ut prisen Årets eldsjel 2009 måndag. Tenner elden Røsvik nytta biletet ”Av en liten gnist blir det ofte en stor brann” til å skildre det engasjementet Tunheim har synt i mange år, og den evna han har til å smitte andre med sin energi og vilje til å gjere ein innsats for andre. Også Bente Rørvik Urkedal, kundeansvarleg personmarknad, påpeikar at det heilt spesielle med Tunheim er at han treff så breitt med sitt engasjement. Det er også noko juryen har fokusert på. Tunheim er ei ekte eldsjel som klarer å samle folk på tvers av ulike interesser, geografi og aldrar, meiner juryen. –Det var på tide at du fekk prisen, det er veldig mange tiltak som har din signatur, stemte banksjef Arve Røyset i. Den lokale banken delte ut blomar og eit herleg kumåleri laga av Inger K. Giskeødegård til eldsjela frå Godøya. Tunheim er òg kjent som ein historieinteressert kar, og ein målmann på sin hals. Difor tykte lokalavisredaktøren at det høvde å støtte seg til Arne Garborg sine ord som ei avslutning på overrekkinga: ”Livet får meining når du nyttar det til noko, som der er meining i”. Deler prisen Ein takksam Tunheim var ikkje sein med å trekkje kona Sylvi inn som kjelda til det meste av inspirasjonen og energien han blir tilført. Det å bli møtt med så stor velvilje kvar einaste dag gjer òg at han får lyst til å gi noko tilbake. –Eg har alltid vore glad i å synge. Men ein klarer aldri å synge i kor åleine. Det er fysisk umuleg å få til ein fantastisk korklang utan at ein har fleire stemmer, uttalte Tunheim. Og retta med det ei særskild takk til Giske mannskor. Kormedlem Alf Giske nytta den uformelle feiringa til å overbringe ei helsing frå karane i mannskoret. –Alle eg snakka med sa til meg: ”Du må hugse å gratulere han Arne.” Og det trur eg er ganske mannjamt, folk unnar deg denne prisen. Du har i alle fall gjort meg og mange glade, sa Giske.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|