 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Satsar på Vigra
Hilde Røsvik, 04.03.10
Bjarte Rørvik i Lampholmen AS har tru på at det vil bli meir populært å skaffe seg bustad på Vigra etterkvart som tomteprisene på Valderøya fyk til vers.
|
|
SYNNES: Tremannsbustaden vil bli oppført heilt nederst i Synnes byggefelt.
|
–Når ei eittmålstomt på Valderøya kjem opp i millionklassen er det etterkvart blitt vanskelegare for førstegongsetablerarar å skaffe seg bustad der, seier Bjarte Rørvik. Han har jobba mange år i husbransjen og meiner tomteprisane begynner å bli ekstreme enkelte stader. På Hoffland på Ellingsøya, som også har blitt eit populært område, går eittmålstomtene no for rundt 7 til 800.000 kroner.Nøkkelferdige hus Lampholmen har avtale med Giske kommune om kjøp av tomt i byggefeltet på Synnes, der dei har planer om å sette opp ein tremannsbustad. Rørvik fortel at dei satsar på bustader til førstegongsetablerarar til ein fornuftig pris, rundt ein og ein halv million kroner. –Vi er berre tre tilsette, men har ei årleg omsetting på rundt 40 millionar kroner. Med ein så liten administrasjon klarer vi å halde kostnadene nede, seier han. Dette er nøkkelferdige hus som kjøparane berre kan flytte rett inn i. Dersom han får selt einingane i tremannsbustaden før påske meiner han at husværa kan stå ferdige til jul. På Fiskerstranda har dei bygd 12 slike einingar og i Skodje er dei i ferd med å setje opp ein tremannsbustad lik den på Synnes. Det kan også bli snakk om å bygge to mindre einebustader med carport på nabotomta i Synnes byggefelt, dersom det er interesse for det. Lampholmen har i tillegg planar om å setje opp to mindre einebustader på Nordstranda, rett nedanfor ungdomsskulen på Valderøya. Fleire prosjekt Husfirmaet har ei rekkje prosjekt på gang i distriktet rundt Ålesund, men dei har ikkje vore så veldig aktive i Giske kommune dei siste åra. –Vi ser potensialet i Giske kommune, og eg trur vel eigentleg at Vigra vil bli meir og meir ei heit potet. I tillegg har eg tru på at det vil bli meir bygging på Giske og innover Ellingsøya, seier han. Firmaet har sett i verk regulering av eit 57 mål stort areal på Leiteneset, Ellingsøya, men dette er enno ikkje klart. Samarbeid Denne veka vil Lampholmen truleg få siste del av avtalen på plass med Urbanhus som dei skal inngå eit samarbeid med. –Eg har store forventningar til dette prosjektet. Det vil seie at kundane kan få skreddarsydde løysingar, slik dei sjølve ønskjer. Dette gjeld spesielt hus i ein meir moderne stil, med enkle liner og store flater, seier Rørvik.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|