 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Fargerikt fantetog
Eirik Røsvik , 25.02.10
Indianarane ropte og musikarane spelte. Laurdag var det fantetog og karneval på Vigra.
|
|
KARNEVAL: Eit uvanleg fargesprakande opptog, ein heilt vanleg laurdag på veg til kulturhuset Mjølner. Vigra og Valderøy ungdomsmusikk sytte for god karnevalsstemning tredje året på rad. (Foto: Eirik Røsvik)
|
Ein tøff politimann passa på at alle hadde det kjekt. Det stilige kostymet hadde Thomas Engeseth Sandnes (4) vald sjølv. - Er politiet snille eller skumle? spør mor Kine Engeseth. - Snille! svarar han utan å tvile. Han hadde både uniform og pistol, men passa godt på kvar han sikta. - Vi skyt berre ned i bakken eller opp mot himmelen. Vi skyt aldri mot folk, fortel han. Musikalsk fantetog Fantetoget starta utanfor Roald Gård og endte opp på Mjølner. - Det er ikkje så ofte det skjer noko her ute. Dette er kjempekjekt, seier Kine Engeseth. Både vaksne og barn hadde kledd seg ut. Indianarane ropte i kapp med tonane frå ungdomsmusikken. Bakarst i toget kunne ein sjå ein ekte shetlandsponny. - Eg rir ikkje noko særleg på den. Den er lillesøstra mi sin, forklarer Anna Teigen (9). Cowgirl Anna var klar for karneval. - Det var litt kaldt å gå i tog. Men det gjekk bra, og det var gøy, fortel ho. Tradisjon Karnevalet blei arrangert for tredje år på rad. Men det er ingen ny idé. - Dei brukte å halde karneval her for lenge sidan, så det er ein gamal tradisjon. Men vi har berre arrangert det dei tre siste åra, seier Julianne Kjevik i ungdomsmusikken. Dette blir ikkje siste gongen. - Vi kjem nok til å gjere det neste år også. Det er jo så kjekt, seier Kjevik. Ho delte ut kakao til frosne kroppar. På scena var det underhaldning, og ein pinata fyllt med snop til borna. Etter underhaldninga var det klart for kaker og tombola. - Dette er både for dei store og dei små, seier ho.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|