Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  lørdag 11. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Småbåtkarane satsar millionar
Arnfinn Rognmo,  25.02.10

I 22 år har ho stått i mot vêr og vind, den gamle flytebryggja til småbåtforeininga på Giske. No er ho skrudd frå kvarandre og bytta ut med ei flunkande ny betongbryggje. Ein formidabel dugnadsinnsats i tillegg til to og ein halv millionar kroner ligg bak realiseringa av nyebryggja.

Mange diskusjonar på land vart det før heile bryggja var på plass. Her gamal og ny hamnesjef Kjell Nålsund og Martin Nordstrand i engasjerte, men godslege vendingar. (Foto: Arnfinn Rognmo)
Rustangrep, rotne stavar og lause flyteelement har lenge vore kvardagen for eigarane av båtplassane ved småbåthamna på Giske. Den gamle marinaen, som vart anlagt og tatt i bruk i 1987, blei levert av dåverande Ørsta Stålindustri. Det var difor naturleg å kontakte Ørsta Marine og be om eit nytt tilbod då den nye bryggja skulle produserast.
Nærare 2,6 millioner kroner kosta det nye anlegget og foreininga har no 69 toppmoderne og stormsikre båtplassar til sine medlemmar.

Eldsjeler
Som så mange andre stader i Giske kommune, er det dugnadsinnsatsen frå alle eldsjelane som held lag og foreiningar i live. Småbåtforeininga på Giske har ei hard kjerne på 10-15 handfaste karar, med og utan traktor, som stiller opp på alle dugnader og arrangement i regi av foreininga.

Solid økonomi
Under årsmøtet sist torsdag møtte rekordmange medlemmar opp då mellom anna økonomi og anleggskostnader skulle handsamast og drøftast. Leiaren i foreininga, Arnstein Furnes, kunne berre konstatere at Giske småbåtforening truleg er den mest likvide av alle liknande foretak på øyane. Årets resultat før avskrivingar er nemleg på heile 430.650 kroner i pluss. Det er slett ikkje dårleg for ei småbåtforeining som nett har investert over 2,5 millioner i ny hamn og rår over eige naust og moderne slipp.

Møteplass i bygda
Hamnestova på Giske er i tillegg eit populært og triveleg festlokale som vert nytta gjennom heile året av båe private og ulike lag og foreiningar. Den tiltalande og frittliggjande plasseringa, gjer at Hamnestova er eit ynda lokale anten det skal feirast dåp, bryllaup eller haldast minnestund etter jordfestingar.

Stor stemning og heider
Alle som hadde vore med på den store dugnaden med å demontere gamlebryggja og leggje ut den nye vart heidra under årsmøtet. To medlemmar vart spesielt trekt fram. Det var Sæbjørn Volle, som har gjort ei utrøytteleg gjerning for båtfolket heilt sidan oppstarten og Martin Nordstrand, som gjorde ein framifrå innsats under heile hamnejobben før jul.
Nytt styre vart også valt. Arnstein Furnes, leiar, styremedlemmar Stig Giskegjerde, Oddvar Kjølsøy, Jon Arvid Giske og Martin Nordstrand, der sistnemnde også vart vald til ny hamnesjef.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%