Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  fredag 10. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Førskuleungar i felleskor
Hilde Røsvik ,  18.02.10

Seksåringane i Nordstranda barnehage hadde årets første korøving i Grønmyrkoret denne veka. Det var ingenting å seie på songgleda til koristane i Toffasalen tidleg ein måndags morgon.

KOR: Aller første korøving for Grønmyr sitt felleskor baud på mange utfordringar for dei unge koristane. Men mest av alt var det songgleda som viste igjen.
Styrar Sigrun Vollen fortel at det er andre året førskuleungane har felleskor saman med ungar frå andre barnehagar. Målet er å halde konsert på Avholdshjemmet i Ålesund torsdag den 20. mai.
–Vi ønskjer at ungane skal få eit positivt forhold til song og musikk som dei kan ha glede av seinare i livet. I tillegg er det kjekt for førskuleungane å ha eit fellesskap og besøke kvarandre på dei ulike barnehagane der det er øving kvar sin gong, seier Vollen.

I buss
Nokre koristar kom i buss, medan andre vart køyrt til barnehagen i maxitaxi. Alle var nok litt spente på denne aller første øvinga saman med fleire framande førskuleungar. Men det tok ikkje lang tid før dei 50 ungane tødde opp og hang med på songen. På repertoaret stod både kjende og nye songar.
–Den kan eg, ropte fleire av ungane då dei vart spurt om dei kunne Pinkys bursdagssong. Det var kanskje den songen som slo best an hjå dei ferske koristane på denne aller første øvinga.

Teiknspråk
Dirigent og musikalsk ansvarleg denne dagen var Laurits Funch frå Ratvika barnehage. Han engasjerte både store og små i songen.
”Lille Lotte er så pen” med teiknspråk vart også prøvd ut. Litt vanskeleg var det kanskje å lære både tekst, tone og teikn på ein gong. Men det såg ut til å gå heilt greitt.
Åtte av førskuleungane er frå Grønmyr sin barnehage på Nordstranda, medan resten kom frå Hessa, Høgvoll og Ratvika. Førskuleungane i Grønmyr sin barnehage på Sætra er ikkje med i år.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%