 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Budsjettet sprakk
Randi H. Longva, 18.02.10
Rehabiliteringa av rådhuset har blitt meir omfattande enn ein opphavleg trudde. Kommunestyret har nyleg løyvd 3,4 millionar kroner ekstra til renoveringa, som førebels har ein prislapp på 23,3 millionar kroner.
|
|
RENOVERING: Ombygging og renovering av rådhuset har blitt langt dyrare enn først rekna med. Etter planen skal oppussinga vere klar til påske.
|
Rehabiliteringa av Giske rådhus starta i februar i fjor, med ombygging til kontor for Nav, installasjon av nytt ventilasjonsanlegg for den eldste delen av rådhuset, fortetting av kontora og ny heis. Som følgje av desse tiltaka fann ein fort ut at ei rekkje andre ting òg måtte gjerast. Uføresett –Når ein byrjar å rive i det gamle, så dukkar det gjerne opp ting som vi ikkje har teke høgde for. Det er det som har skjedd i denne samanhengen òg. Budsjettsprekken handlar difor ikkje om at vi driv og ”flottar oss”, vi oppgraderar til ein heilt normal standard, seier ordførar Knut Støbakk. Han understrekar at budsjettsprekken heller ikkje dreier seg om ombygginga til Nav-kontor. Den rekneskapen er ferdig. –Handlar budsjettsprekken om dårleg planlegging, då? –Eg trur ikkje eg vil seie at det handlar om det heller. Det handlar meir om at det er nærmast umuleg å få entreprenørar til å skrive faste prisar, med tanke på at all ombygging av eksisterande bygningsmasse er hefta med usikkerheit, meiner Støbakk. Han viser til at den eldste delen av rådhuset, som er 40 år gamal, var veldig klar for oppussing. Mellom anna var det på høg tid å skifte ut dei elektriske tavlene i rådhuset, påpeikar ordføraren. Ekstra midlar Dei viktigaste renoveringstiltaka er nytt ventilasjonsanlegg, oppgradering av elektrisk anlegg, brannsikring og fortetting av kontor. Arbeidet i andre og tredje etasje er i stor grad ferdig, og ein er godt i gong med arbeidet i første etasje og under-etasjen, heiter det i sakspapira. Renoveringa er budsjettert til 19,9 millionar kroner. Men fleire faktorar har ført til auka utgifter: Ekstra rigg- og driftskostnader grunna forlenga byggjetid, utegløyming av systemhimling i korridorar, meir omfattande branntiltak enn føresett og diverse tilleggsarbeid knytt til ventilasjon som ikkje var med i anbodet. Kommunestyret vedtok førre tysdag å løyve ekstramidlar også til ombygging av barne- og familieeininga og rådmannskontor, lydtette dører på helsestasjonen og oppussing av kommunestyresalen. Totalbudsjettet vart auka frå 19,9 millionar kroner til 23,3 millionar kroner. Då er heller ikkje nytt tak på snart 900.000 kroner teke med. –Vi fann ut at sidan det ikkje er antydning til lekkasje enno, så kunne vi utsetje det. Men vi må ta det igjen ved eit seinare høve, forklarer Støbakk. Han reknar med at oppussinga av rådhuset vil vere ferdig til påske.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|