 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Reise i tid og rom
Randi H. Longva , 11.02.10
Dei skulle kanskje ønskje at dei kunne reise tilbake i tid for å hente inn nokre ekstra timar til å førebu seg. Om ei knapp veke er det urframføring av ”Tidsmaskina”.
|
|
MUSIKAL: Eleanor Nedregaard instruerer ei ivrig dansegruppe, som øver til musikalen
|
Fire elevar skal lage ei prosjektoppgåve om etterkrigstida. For å få opplysingar oppsøker elevane den eldre mannen Helge, heimefrontskjempar under 2. verdskrig. Elevane får vite at Helge har bygd ei tidsmaskin ut i frå nokre teikningar han stal frå nazistane. Dei låner tidsmaskina og reiser tilbake til etterkrigstida for å få førstehandskunnskap om dei ulike tiåra fram til i dag. Elvis lever –Det er læraren vår Arild Nedregotten som har skrive stykket, men vi har fått lov til å kome med idear, fortel hovudrolleinnehavarane. –Vi gler oss, dette blir bra, seier Andreas Magne Mulelid Kvam. Og det er ikkje få kjente karakterar vi får møte på tidsreisa. Her dukkar både Hannah Montana, Alexander Rybak og Elvis opp. Elevane stel faktisk eit hårstrå frå The King of rock`n roll for å kome seg vidare til neste tiår. Og det er slett ikkje sikkert at dagens scener blir som dei er på premieredagen. Om ein elev brått får ein idé som er for god til å oversjå, kan det fort skje omskrivingar. Det er bokstaveleg talt eit levande stykke. –Sjølv om det er eg som har skrive rammehistoria, har elevane stor innverknad på korleis det faktisk blir til slutt. Elevane tek det veldig seriøst, og dei er lette å jobbe med, skryt Nedregotten. Sjølv om han på eit tidspunkt, då eine hovudrolleinnehavaren ikkje var å oppspore, såg ut som han hadde mest lyst til å snike seg inn i tidsmaskina og dra vel ei veke fram i tid til vinterferien. Ulike stilar –Ein, to, tre, fir, roper Eleanor Nedregaard og snurrar rundt som ein tornado så det lange, raude håret heng som eit skjerf bak henne. Fire par jenter må berre stokke bein og armar ørlite før dei heng med på trinna. 10. klassingane tek til seg dei nye dansetrinna imponerande fort – til trass for raske skift. Her går det frå øving på Michael Jacksons 80-talsslageren ”Thriller” og direkte over til 50-talsmusikalen ”Grease”, som er full av flørt og og feite bilar og forførande musikk. Utfordringa er å halde styr på alle dei ulike dansane og henge med på trinna, får vi vite av Kine Ytterland Nordal og Stine Hovland. –Det er typisk meg å sjå i golvet når eg dansar. Men det er ikkje lov, seier Ton Ytterland. Som om ikkje det er nok, må ein smile og ha kontakt med publikum også. Mange sceneskift Å både reise og rive Berlinmuren tok lang tid. Rekvisittgruppa har derimot fått under tre veker på seg til å lage til ein variant i isopor, i tillegg til ein drøss andre rekvisittar. –Vi ser litt mørkt på det akkurat no, seier Torgeir Lillenes. Både han og Christopher Horgen fryktar at dei ikkje skal bli ferdig i tide, at folk blir sjuke eller at dei ikkje finn rekvisittane når dei skal foreta raske sceneskift. Det er heldigvis seks dagar igjen til premieredagen.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|