 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Eigen dag for alle lag
Randi H. Longva, 04.02.10
Frivilligsentralen inviterer alle foreiningar, lag og organisasjonar som held på med aktivitetar som er opne for alle, til å vise seg fram i Idrettshallen 17. april.
|
|
FRIVILLIGDAG: Ernst Valderhaug, Frivilligsentralen, håper på stor interesse frå lag og organisasjonar på alle øyane i samband med Frivilligdagen i Idrettshallen.
|
Frivilligsentralen har funne ut at det er 192 lag og organisasjonar registrert i Giske kommune, men det er ikkje umuleg at det er endå fleire. For å vise fram breidda i alle aktivitetane som går føre seg i kvar ein krok av kommunen, ønskjer leiar Ernst Valderhaug og styret i Frivilligsentralen å arrangere Frivilligdag i Idrettshallen 17. april. Mangfald I ein tilflyttingskommune som Giske er det eit særskilt behov for å synleggjere det frivillige arbeidet på alle øyane. –Kan hende er det mange nye innbyggjarar som har lyst til å engasjere seg i ein aktivitet. Og det er sikkert fleire av dei frivillige organisasjonane som har bruk for nye medlemmar, trur Valderhaug. Han håper difor på stor oppslutnad rundt Frivilligdagen. –Så lenge du held på med ein aktivitet som er open for alle, er det også interessant for andre, meiner han. Og oppmodar dei som vil delta om å melde si interesse før fristen 15. februar. Vise fram Frivilligsentralen er med andre ord på jakt etter alle frivillige, frå idrettslag og historielag til kor og korps. Arrangørane opnar dørene til Giske kommunale idrettshall og vil leggje forholda til rette for at dei frivillige skal få vist seg fram på best muleg vis. Dei håper hallen skal vere stor nok til å romme alle som ønskjer å delta, men ser for seg at dei kan utvide arrangementet til to dagar dersom interessa er veldig stor. –Vi håper òg at nokre av dei frivillige vil bidra med underhaldning, skyt Valderhaug inn.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|