Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  fredag 10. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Er for dagens skulestruktur
Randi H. Longva,  04.02.10

Eit fleirtal av oppvekstkomiteen tilrår at ein held på dagens skulestruktur med barneskular på alle øyane og to ungdomsskular. Komande tysdag skal kommunestyret bestemme om dei går for anbefalinga, eller om dei ønskjer andre løysingar.

SKULE: Skuleåret 2009/2010 byrja det så mange som 305 elevar ved Valderøy barneskule, 75 fleire enn skulebygget er dimensjonert for etter dagens normer.
I forslaget om å halde på dagens skulestruktur ligg det implisitt at ein går vidare med planane om å byggje ein ny barneskule for alle elevane på Valderøya, opplyser leiar i oppvekstkomiteen Roar Dyb-Sandnes til Øy-Blikk. Vel kommunen å halde fast på to ungdomsskular vurderer komiteen det som naturleg at barnesteget på Godøya vert delt med småsteget på Alnes, slik som i dag.

Dagens skule
På oppdrag frå kommunestyret har oppvekstkomiteen laga ein rapport der skulestrukturen i Giske kommune vert vurdert. Rapporten skal framleggjast på kommunestyremøtet 9. februar. Skulestrukturutvalet har hatt ein knapp tidsfrist hengjande over seg, men dei har i tillegg til økonomi, forsøkt å også vurdere kvalitet, og det faglege og sosiale aspektet.
I drøftingane har utvalet konsentrert seg mest om to alternativ. Alternativ 1 er å behalde dagens struktur. Alternativ 2 er å samle dei eldste elevane på éin ungdomsskule. Løysinga dei ser som mest aktuell er å byggje på Valderøy ungdomsskule. Fordelar er årleg effektivisering og innsparing i drifta, ulemper er mellom anna auka skyssutgifter for frakt av elevar frå Godøya.
”Innsparinga vil kunne variere frå 1 til 2,5 millionar, avhengig av elevtal og klassestruktur”, skriv utvalet.
–Alternativ 2 vil føre til at Alnes skule vert nedlagt, og ein må byggje om Godøy skule for å gjere den om til ein rein barneskule, opplyser Dyb-Sandnes. Etter det leiaren opplyser til Øy-Blikk vart det under møtet i oppvekstkomiteen uttalt bekymring for kva som vil skje med utviklinga av Alnes om skulen forsvinn. –I ein vekstkommune som Giske føler vi dessutan det blir feil signal å sende å leggje ned ein skule, skyt han inn.

Ny ungdomsskule
Eit tredje alternativ er å byggje heilt ny ungdomsskule, noko skulestrukturutvalet vurderer som særs kostnadskrevjande og mindre aktuelt. Det vil truleg bety ei investering på 240-260 millionar kroner eller meir. Det skal dekkje ny ungdomsskule og oppgradering av 1959-bygget ved Valderøy barneskule, då 1. til 7. klassingane må ta i bruk dagens skule og ungdomsskulen, i staden for ein ny barneskule.
–For det første har vi brukt i overkant av 30 millionar kroner til å pusse opp Valderøy ungdomsskule. Skal den gjerast om til barneskule, vil det krevje heilt andre fasilitetar. For det andre har vi kome eit godt stykke på veg med planlegginga av ny barneskule, og det er sett av eit område til offentleg formål på Valderøya, uttalar Dyb-Sandnes. Han skyt inn at sjølv om ein vel å ha to ungdomsskular betyr ikkje det at ein ikkje kan samarbeide og utnytte ressursane betre.
–Til dømes kan ein dele på lærarar som underviser framandspråklege, forklarer leiaren i oppvekstkomiteen.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%