Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  fredag 10. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vil skape hestesenter på Vigra
Randi H. Longva,  28.01.10

Det aktive hestemiljøet på Vigra kan få ein ny tilvekst dersom planane til John Longva og Jon Harald Gulliksen vert godkjende. Dei ønskjer å byggje eit ridesenter med utandørs og innandørs bane, i tillegg til å drive avl og sal av hestar.

HESTESATSING: John Longva og Jon Harald Gulliksen, på ryggen av Godcall Z, ønskjer å byggje eit hestesenter på Vigra. Dei er klare til å byrje å byggje så snart dei får klarsignal frå kommunen. I bakgrunnen ser ein den mellombelse stallen som er sett opp på området.
Det aktuelle området ligg like bortanfor motocrossanlegget på Vigra. Dersom tiltakshavarane får til det dei ønskjer, vert det i nær framtid bygd opp eit permanent tilbod med andre type hestekrefter enn det naboane kan skilte med.

Bra plassering
Det er allereie aktivitet på området. Ein mellombels stall med innhegning er sett opp. I bustadhuset på garden er det rigga til eit provisorisk kontor og oppussinga er i gong. Utstyr til ei utandørs ridebane står klart til bruk så snart snøen smeltar.
Om planane vert godkjende vil det bli reist driftsbygningar med fasilitetar for både hestar og ryttarar. I tillegg til eit privat område for hestane som skal avlast og trenast opp, er det òg tenkt å byggje utleigeboksar som hesteeigarar kan leige. Dei vil òg få tilgong til ridebana.
Investor John Longva, administrerande direktør i Longvagruppen i Ålesund, opplyser til Øy-Blikk at dei har kjøpt ein eigedom med 30 mål jord, i tillegg til at dei leiger 38 mål.
–Kvifor valte de å etablere dykk på Vigra?
–Det er gode grunnforhold med sandbotn og vanlegvis lite snø. Dessutan er det nær byen, og ikkje minst nær flyplassen, som gjer det lett å ta i mot kundar og veterinærar. Du kan jo bokstaveleg talt sjå flya lande herifrå, svarer Longva.

Hesteoppdrett
Hovudgeskjeften til North Breeding, der Longva er dagleg leiar, er å avle opp og selje varmblodshestar. Det er ålesundaren Jon Harald Gulliksen som i hovudsak vil ta seg av den jobben. Gulliksen har vore aktiv sprangryttar i fleire år, i tillegg til at han har vore landslagstrenar for junior/unge ryttarar. No satsar Gulliksen for fullt på å utvikle anlegget på Vigra.
–Eg har allereie ein fulltidsjobb her ute, seier Gulliksen.
I flokken av totalt 20 dyr har dei to avlshopper som begge ventar føl til våren. Er dei heldige vil det kome nye hoppeføl som kan bedekkast.
–Vi har i dag seks føl, derav fem hoppeføl, og desse vil bli bedekt når dei er tre år gamle, opplyser Gulliksen. Når dyra nærmar seg fem år, er dei klare til å bli ridd på.
–Per i dag har vi fire hestar som går full konkurranse, i tillegg til at vi trenar opp fire til som i løpet av året vil vere klare til å gå konkurranse, seier Gulliksen.

Gode kvalitetar
Den store stoltheita i flokken er hingsten Godcall Z, som dei har handplukka i Tyskland. Han har etter det Gulliksen opplyser ei imponerande stamtavle på både mors- og farssida, og har gode kvalitetar som eignar seg til både avl og sport. Med andre ord – ein avlshingst med ein sæd som er gull verdt! Sæden vil bli brukt til å bedekke eigne hopper, i tillegg til at dei tek sikte på å selje sæddosar til potensielle kjøparar. Og marknaden – det er er heile verda.
Gulliksen legg til at han med tida har skapt seg eit ganske godt kontaktnett, noko North Breeding vil kunne nyte godt av. Dei har mellom anna eit nært samarbeid med Geir Gulliksen, onkel til Jon Harald.

Samle hestemiljøet
Gulliksen ser òg mulegheitene for å skape eit treningssenter for andre hestar og ryttarar frå øyane i Giske og distriktet. Dei siste åra har han jobba som trenar i rideklubbane i Ålesund og Sula, og han håper å kunne undervise her ute òg. –Vonleg kan vi bidra til å samle og skape eit endå større hestemiljø, seier Gulliksen. Han håper berre kommunen ønskjer anlegget velkome.
–Det vil skape ei enorm idrettsglede og setje Vigra på kartet. Tenk om vi til dømes kan arrangere stemne her ute. 200 hestar med opptil tre personar per hest vil trekkje til seg mange tilreisande som vil bruke fasilitetane i Giske kommune, seier Gulliksen.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%