|
|
|
|
|
Ulykke på Valderøya Hilde Røsvik, 16.01.10 To personbilar støytte saman i krysset ovanfor Syvermarka laurdag føremiddag. Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.35. To ambulansar og ein brannbil kom raskt til staden. -Bilen som kom ut på vegen overheldt ikkje vikeplikta, og på grunn av det glatte føret klarte ikkje den andre bilen å stoppe i tide, seier operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved operasjonssentralen i Sunnmøre politidistrikt. To personar i bilen som vart påkøyrt vart sendte til sjukehuset. Valderhaug seier at i følgje sjukehuset skal desse ikkje vere alvorleg skadde. Føraren i den andre bilen vart ikkje skadd. Vegen var stengt ei kort periode medan oppryddingsarbeidet pågjekk. Ein kraftstolpe vart knekt og Tafjord var difor også på plass for å kutte strømmen. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||