Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Endeleg båtcup
 08.01.10

Eit mangeårig ønske frå fiskeflåten på Godøya vart i romjula oppfylt: Dei fekk kjempe om heider og ære på fotballbana - på heimebane!

VINNARAR: Nyvoll Senior vann Båtcupen og fekk med seg den store vandrepokalen “Helge Godøs minnepokal”. Bak f.v. Stian Aamodt, Bård Erik Nyvoll, Sven Harald Nyvoll, Maron Pettersen og Birger Eilertsen. Framme f.v. Kjetil Nyvoll, ein ivrig Nyvoll-supportar og Magne Remmen.
Og det var mykje ære å kjempe om: Godøyhallen var nærast stappfull av entusiastiske supportarar.

Loran, Nesbakk, Veidar og Nyvoll Senior, heimehøyrande på Godøya, skulle saman med Atlantic Viking frå Giske, finne ut av kven som var best, og det resulterte i mange og jamne kamper. Ingen av kampane vart vunne med meir enn eitt mål, så spenninga var til stades heile tida.
Loran og Nyvoll møttest i finalen. Det var uavgjort ved full tid, men i ekstraomgangane klarte Birger Eilertsen å få inn det avgjerande målet, så Nyvoll Senior vart turneringsmeister.

Fotballgruppa i Godøy I.L. stod som arrangør av turneringa, og dei hadde alt på førehand stor tru på suksess og eit langt liv for turneringa. I tillegg til premiering av finalistane, vart det derfor også oppsett ein flott vandrepokal som meisteren skal behalde til neste turnering. Pokalen vart kalla ”Helge Godøs Minnepokal”, til minne om ein sentral medlem i fotballgruppa og idrettslaget, som dessverre gjekk bort så altfor tidleg.

Ut frå suksessen denne gongen er det neppe grunn til å tru anna enn at denne cupen har kome for å bli.


Av: Hans-Petter Godø


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%