 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Ønskjer fleirbrukshall
Randi H. Longva , 08.01.10
Vigra IL har nedsett ei arbeidsgruppe som ser på mulegheitene for å byggje ein fleirbrukshall på Vigra. Med ein hall vil ein få gode treningsforhold året rundt, samstundes som den kan romme mange aktivitetar som vil kome heile kommunen til nytte, meiner initiativtakarane.
Førstkomande tysdag er det ekstraordinært årsmøte i gymsalen på Vigra skule, der bygging av ein fleirbrukshall er temaet. Etter det prosjektleiar Jan Petter Meberg opplyser til Øy-Blikk, har dei enno ikkje teke stilling til om og korleis prosjektet bør gjennomførast, men møtet vil gi ein peikepinn på om medlemmane ønskjer å stille seg bak prosjektet. Meberg oppmodar alle medlemmar og føresette om å stille på møtet. Presentasjon Tankane om ein fleirbrukshall vart presentert overfor politiske representantar i midten av desember. –Det verka som om det var stor semje blant dei som var til stades om at hallkapasiteten i kommunen er for dårleg, og at ei føremålstenleg plassering kunne vere i nærleiken av Vigra skule, uttalar Meberg. Han legg til at ei slik plassering vonleg vil kome heile skulen til gode, i tillegg til at alle innbyggjarane på øya får nyte godt av auka mulegheiter for fysisk aktivitet og mangfald av kultur. I tillegg vil prosjektet kunne betre parkeringsproblema rundt Vigra skule. –Vigra skule ved rektor har òg uttrykt glede over tiltaket, og signaliserer at skulen har stor bruk for hallen, legg Meberg til. I det siste møtet før jul vedtok kommunestyret å løyve 100.000 kroner til omregulering av ei tomt nord for Vigra skule til idrettsføremål. Men Meberg understrekar overfor Øy-Blikk at prosjektet enno er på skissestadiet, og at det ikkje er endeleg bestemt kor ein eventuell idrettshall skal liggje. Dersom ein hall skal byggjast, ser arbeidsgruppa det som naturleg at kommunen står sentralt i realiseringa, men dei er ikkje framande for andre mulegheiter. Stort bruksområde Etter det som vert opplyst på heimesidene til idrettslaget ser hallkomiteen det òg som muleg å etablere ei kunstgrasbane på dagens grusbane på Synes, men dei ønskjer i første rekkje å få reist ein hall. Dei viser til at mange idrettslag i distriktet vårt etter kvart har opparbeidd seg gode erfaringar med plasthallar. I.P. Huse-hallen på Harøya, som opna i fjor vinter, er blant døma på kva som er muleg å få til når idrettslag, næringsliv og kommune samarbeider. ”En slik hall vil kunne gi Vigra, og hele Giske kommune, uante muligheter”, skriv arbeidsgruppa. Dei ser for seg at kommune, idrettslag, næringsliv og privatpersonar i fellesskap kan få til realisering av ein hall som kan romme eksempelvis fotballbaner med kunstgrasdekke, handballbane og friidrettsaktivitetar. Som det framgår av prosjektpresentasjonen ”Bedre oppvekstvilkår på Vigra” viser arbeidsgruppa til at hallen kan brukast til kroppsøving og kulturarrangement både i og utanfor skulesamanheng, cupar og kampar, i tillegg til utleige til andre føremål. Prosjektgruppa har vurdert fleire alternative hallstorleikar. Det største alternativet tilsvarer ein hall som i storleik kan romme fire handballbaner og to løpebaner med hoppegrop. Tre handballbaner tilsvarer ei sjuarbane, der underlaget vil bli kunstgras. Denne kan omgjerast til tre femmarbaner for fotball ved behov.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 441
Ja: 91.16%
Nei: 8.39%
Usikker: 0.45%
|
|