 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
På den raude løpar
Randi H. Longva , 22.12.09
Raud løpar, kanapear og kvitkledde servitørar. Skjong barnehage køyrer stil når dei har sitt årlege juleball.
|
|
Ungane gir alt på dansegolvet på Skjong barnehage.
|
Det er faktisk ekte Hollywood-stemning på barnehagen denne fredagen. Ein raud løpar med tente faklar på kvar side fører fram til inngangsdøra. Som ekte divaer og gentlemen iført sin finaste stas gjer dei sin entré. Nokre har det rett nok så travelt at dei ikkje har tid til å nyte blitzregnet. Det er ikkje rart. For inne ventar kvitkledde servitørar med kanapear og høgstetta glas med liksomsjampis. Men heldigvis er det ikkje like stivt som på ein glamour-fest. Så fort ”Macarena” og ”Fugledansen” ljomar over anlegget, slenger ungane seg ut på diskogolvet. Godt å sjå at dei ikkje har blitt høge på pæra til trass for at dei har blitt behandla som små Hollywood-kjendisar for ein dag!
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|